Foto: Rolf Sørensen
Klimaendringane er ein av dei største utfordringane verda har stått ovanfor. FN sitt klimapanel har tek til orde for ei ny tenking kring dette, kalla klimaomstilling.
I Regional planstrategi 2016-2020 er klimautfordringane løfta fram som ein av fem hovudutfordringar for fylket vårt framover. Planstrategien sette rammene for revidering av Fylkesdelplan for klima og miljø 2009, eit arbeid som starta i 2016, og blir fullført ved vedtak av Regional plan for klimaomstilling (venta klar til vedtak i fylkestinget i juni 2018).
(Foto: Fylkesordførar, Jenny Følling, og plansjef, Synnøve Stalheim, ved vedtak av regional plan for klimaomstilling).
Fylkeskommunen arbeider i mange sektorar og innan fleire fagområde. Miljø og klima påverkar i større eller mindre grad alle desse.
Fylkeskommunen har ansvaret for å samordne nasjonal og lokal politikk innanfor klima og miljø. Dette inneber mellom anna å omsetje nasjonale klimamål til regionalt og lokalt nivå gjennom regional planlegging.
Regional plan for klimaomstilling blei vedtatt i fylkestinget 13. juni 2018, og set føringar for arbeidet i fylket framover. Nyleg vedtatt plan erstattar Fylkesdelplan for klima og miljø frå 2009.