Foto som syner ein syklist som syklar i eit eige sykkelfelt i trafikken. Ein kvit bil kjem som møtande trafikk, og på andre sida av vegen kjem det to syklistar imot.
Foto som syner ein syklist som syklar i eit eige sykkelfelt i trafikken. Ein kvit bil kjem som møtande trafikk, og på andre sida av vegen kjem det to syklistar imot.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

Klima og miljø

Menneskeskapte utslepp av klimagassar bidreg til global oppvarming og klimaendringar over heile verda. Klimaendringane må også sjåast i samanheng med utrydding av artar og tap av biologisk mangfald, men for Sogn og Fjordane er hovudutfordringane knytt til klimagassutslepp og sårbarheit for eit endra klima, då spesielt auka fare for flaum og skred. 

FN sitt klimapanel slår fast at vi må unngå ein global temperaturauke på meir enn 2°C. For å oppnå målet må dei globale utsleppa av klimagassar vera lik «netto null» innan 2100, noko som inneber at vi ikkje slepp ut meir klimagass i atmosfæren enn det vi greier å redusere, fange opp eller fjerne. I oktober 2018 la FN sitt klimapanel (IPCC) fram ein rapport som viser at klimagassutsleppa på jorda må reduserast med 40-50 prosent innan 2040, dersom vi skal klare å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader (samanlikna med førindustriell tid). Denne rapporten var ei bestilling frå klimatoppmøtet i Paris i 2015 og samanliknar 1,5-gradersmålet med det tidlegare 2-gradersmålet. Rapporten baserar seg på 6000 vitskaplege studiar.

Som eit resultat av klimaavtalen i Paris har Norge forplikta seg til å redusere utsleppa sine frå ikkje-kvotepliktig sektor med 40% innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Ikkje-kvotepliktig sektor er m.a. avfall, bygg, landbruk og transport. I 1990 var det nasjonale utsleppet 51,9 mill. tonn CO2-ekv., der 13,4 mill. tonn kom frå transport[1] (1990 vert internasjonalt brukt som referansepunkt).

31 prosent (16,5 mill. tonn) av dei totale norske klimagassutsleppa kjem frå transportsektoren, og det er venta at transportsektoren må sleppe ut monaleg mindre klimagassar skal ein oppfylle det overordna målet nedfelt i Paris-avtalen. Klima og miljø er eit av tre hovudmål i komande NTP, og vil difor vere eit viktig satsingsområde også i regional transportplan for Sogn og Fjordane.  Det er også i samsvar med gjeldande Regional Planstrategi frå 2016.

Klimamål NTP

Kjelde: Grunnlagsdokument Nasjonal transportplan 2018-2029

Fylket må arbeide med korleis ein kan sikre redusering av klimagassar, og legge til rette for infrastruktur som sikrar langsiktige løysingar. Det må setjast i verk tiltak for å redusere utslepp frå alle delar av transportsektoren. Ein må legge til rette for bruk av lav- og nullutsleppsteknologi, både for person- og godstrafikken i fylket, samt for kollektivtrafikken. Vidare bør det leggjast til rette for meir sykling og gåing for å redusere den totale bilbruken blant befolkninga.

Klimaet og klimaendringar vil få konsekvensar for infrastrukturen og transportsystemet i Sogn og Fjordane i framtida. Viss vi ikkje stoggar dagens utsleppsutvikling (RCP 8,5)[1] varslar framskrivingar gjort av NVE auka sannsyn for mellom anna regnflaum, ulike typar skred, havnivåauke og stormflo.

Det er difor viktig at Sogn og Fjordane er med på å redusere utslepp av klimagassar framover, både frå eit globalt og eit lokalt perspektiv. I tillegg må klimatilpassing inkluderast i planarbeid og vegvedlikehald for å redusere eller eliminere negative konsekvensar og kostnader ved m.a. heva havnivå, ekstremvêr, ras og flaum.

 

[1] RCP (Representative Concentration Pathways). RCP 8,5 er ein metodisk term som skildrar den potensielt verste utsleppsbana for klimagassar i verda. 


 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00