Foto frå politisk debatt mellom ungdomspartia på Høgskulen på Vestlandet. Ungdomspolitikarane er samla ståande rundt små, runde bord.

Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Klima og miljø i sentrum på ungdomsdebatt

Ungdomspartia har den siste tida turnert skular i heile fylket i samband med haustens skuleval og ikkje minst stortingsval. Måndag 4. september var det debatt på Campus i Sogndal.

Studenttinget på Vestlandet, høgskulen og NRK Sogn og Fjordane arrangerte valdebatten ved Campus Sogndal. Representantar frå alle partia deltok i det som var den nest siste debatten i ungdomspartia sin valkampturné gjennom fylket.

Ja til grøn satsing

Miljø og klimapolitikk var det største og mest debatterte temaet under ungdomsdebatten i Sogndal. Det er lite tvil om at dagens ungdommar engasjerer seg og ynskjer framtidsretta alternativ. Alle kandidatane understreka viktigheita av å vere klimavennlege og satse grønt, men er som moderpartia ueinige om vegen dit.

Sysselsetjing og utvikling av regionen var eit anna viktig tema som vart teke opp frå publikum. Dei lurte på korleis partia kan bidra til å auka sysselsetjinga, og skape nye arbeidsplassar og arbeidsmarknader som gjer at ungdommen ynskjer å busetje seg i fylket vårt.

Høg temperatur

Distriktspolitikk og sentralisering var sjølvsagt også på agendaen i debatten. Ungdomspolitikarane trekte fram døme som var relevante for ungdommane, som samanslåinga av Høgskulen på Vestlandet.

Sjølv om temperaturen tidvis var høg og engasjementet stort, var det ein god og sakleg debatt mellom unge politikarar i valkampmodus. Debattantane meiner årets stortingsval er eit viktig val, ikkje berre mellom blått og raudgrønt, men mellom dei små og dei store, og mellom by og bygd.

Skuleval

Før stortingsvalet 11. september vert det gjennomført skuleval på dei vidaregåande skulane i fylket, og skulevala gir ofte ein god peikepinn på korleis det ordinære valresultatet vil sjå ut. Det viktigaste med skulevalet er å lære elevar og unge veljarar om den demokratiske prosessen og vekkje politisk interesse og engasjement.

Skulane hadde frist til 5. september med å gjennomføre skuleval, og resultata vert lagt ut på skuleval.no 5. september kl. 19.00. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut