Foto frå UKM-festivalen 2016. Vi ser ungdomar på ei scene, ei jente syng og fleire gutar spelar ulike instrument.
Foto frå UKM-festivalen 2016. Vi ser ungdomar på ei scene, ei jente syng og fleire gutar spelar ulike instrument.

UKM-festivalen 2016. Foto: 1MKA/Hafstad vidaregåande skule.

Klart for UKM-festivalen i Høyanger

Gruppa A thousand pandas frå Bremanger, dansaren Jeanne Nsabimbona frå Vik og konferansier Solveig Djupegot frå Gloppen i Høyanger er blant dei du møter i Høyanger i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.

I løpet av festivalhelga 31. mars til 2. april skal ungdommane delta på sceneframsyningar og utstillingar, som er opne for publikum. Framsyningane vert leiar av unge konferansierar, og i kulissane er det mange unge arrangørar. UKM Media med deltakarar frå kommunane og  medium og kommuniaksjon-linja ved Sogndal vidaregåande skule, skal ta bilete og filme framsyningane.

NRK Sogn og Fjordane sender framsyningane direkte på nettsidene sine.

URG tek sosialt ansvar

I tillegg til dei «vanlege» UKM-framsyningane og -utstillingane, blir det konsert i Festsalen i Høyanger samfunnshus fredag kveld og i Høyanger kyrkje laurdag kveld. Det er også sjanse for å møte UKM-ungdommar også andre stader i industristaden? Det skal nemleg vere workshop i pop-up konsertar i sentrum.

Leiar for Ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane, Jenny Hatlelid Holsæter, gler seg til festivalen.

– Vi har jobba lenge med å førebu det som skal skje i Høyanger. Vi har ansvar for det sosiale og skal arrangere både jam og ulike konkurransar for deltakarane, fortel ho.

UKM_URG.jpg
Ungdommens ressursgruppe er på plass under UKM-festivalen og har klart eit sosialt opplegg for deltakarane på festivalen.

Mange workshops

Å få prøve nye ting er ei viktig side ved UKM-festivalen. Difor skal deltakarane vere med på workshops både laurdag og søndag.  

– Det blir veldig mange kjekke workshops, Eg gler meg spesielt til workshop i foto med Arve Ullebø, seier Jenny.

I tillegg blir det workshop i mellom anna 3D-animasjon, trådsløyd og vev, låtskriving og improvisasjonsteater.

Vidare til nasjonal festival

Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonal UKM-festivalen i Sandnes i juni. Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket. Også unge konferansierar, unge arrangørar og deltakarar i UKM Media kan gå vidare.

Meir informasjon om fagpanelet her.

Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig arrangementet og OnCue Music Productions AS som er hovudarrangør.

Offisielt program for UKM-festivalen

Fredag

Kl. 20.00 UKM-konsert i Festsalen i Høyanger samfunnshus

Laurdag

Kl. 14.00 Opning av kunstutstilling, Høyanger vgs.

Kl. 15.00 Framsyning 1, Høyangerhallen

Kl. 18.00 Framsyning 2, Høyangerhallen

Kl. 21.00 Kyrkjekonsert, Høyanger kyrkje

Søndag

Kl. 13.00 Framsyning 3, Høyangerhallen

Kl. 16.00 Framsyning 4, Høyangerhallen

Kunstutstillinga vert open fram til kl. 18.00 laurdag og frå kl. 10.00 til kl. 16.00 søndag.

Detaljert program på nettsidene til UKM-festivalen.

Oversikt over deltakarar finn du òg på nettsidene til UKM-festivalen.

For meir informasjon

Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Stig Aron Kamonen
OnCue Music Productions AS
901 87 738
ukm@oncue.no

Jenny Hatlelid Holsæter
leiar, ungdommens ressursgruppe
476 41 187
sognogfjordane@urg.ukm.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00