Klar til å møte svineinfluensaen

Fylkeskommunen er klar til å møte ein pandemisk influensa. Kritiske funksjonar skal kunna oppretthaldast sjølv ved høgt personalfråvær. Kriseplanen bygger på rettleiar frå Helsedirektoratet og Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap.

Kriseplanen omfattar i hovudtrekk transporttenester og vidaregåande skular. Nokre mindre detaljar står enno att å få på plass, men endeleg plan vil vera klar til 15. august.

Planleggingsarbeidet tek høgde for følgjande situasjon:

  • Ein pandemisk influensa vil truleg kome for fullt i løpet av september.
  • Pandemien vil vare i 15 veker
  • Frå veke 5 kan personellfråvær liggje på 30-40%
  • Pandemien når ein topp etter veke 7. Fråvær på opptil 40% skal kunne handterast.
  • Dei som vert sjuke må rekne med eit fråvær på minst 10 arbeidsdagar.
  • Pandemien vil ramme ulikt. Det kan vere vesentlege geografiske forskjellar.
  • Den kan kome i fleire bølgjer. Erfaringsmessig kan bølgje to kome 3 - 9 månader etter første bølgje.

Fylkeskommunen har i planleggingsarbeidet prioritert følgjande område/funksjonar:

  1. Kriseleiing

  2. Transportberedskap/Kollektivtrafikk

  3. Sentralbord. Gjeld alle einingane i fylkeskommunen

  4. IKT-tenesta

  5. Tekniske installasjonar ved fylkeskommunale einingar

  6. Tannhelsetenesta

  7. Dei vidaregåande skulane

  8. Løns- og rekneskapstenesta

  9. Andre prioriterte område:
    i. Beredskapen til leverandørane av energi/straumforsyninga
    ii. Reinhaldsfunksjonane skal ha eit tilfredsstillande nivå for å hindre smitte iii. Arkivtenesta

 

Del dette:

Relaterte lenker