7mezrbpb 83
 7mezrbpb 83

Klårgjer arbeidet med utkjøpsalternativet i SFE-saka

Sogn og Fjordane fylkeskommune klårgjer prosessen rundt eit mogleg utkjøp av BKK frå Sogn og Fjordane Energi. Ulike dokument som utkast til transaksjonsavtale samt oversikt over kontakten mellom partane er lagt fram.

Fylkeskommunen har arbeidd med eit mogleg utkjøp av BKK frå Sogn og Fjordane Energi (SFE). Dette har vore eitt av fleire alternativ for å sikre at verdiane av eigarskapen i SFE-konsernet vert verande i dagens Sogn og Fjordane.

Dette alternativet førte ikkje fram. Fylkesutvalet tok opp situasjonen i ei fråsegn 19. juni. Vår oppfatning er at BKK aldri var villig til å møte fylkeskommunen til reelle forhandlingar som kunne gje fylkestinget høve til å vurdere eit utkast til transaksjonsavtale. Gjennom media gjev BKK uttrykk for at selskapet ikkje er samd i dette.

Ut frå dette har Advokatfirmaet Lund & Co utarbeidd eit notat på oppdrag frå fylkesrådmannen, som oppsummerer bakgrunnen for saka og kontakten mellom partane fram til 16. juni. Då avlyste BKK forhandlingsmøtet som skulle vore halde dagen etter. Dette notatet, saman med mellom anna forhandlingsavtalen og utkastet til transaksjonsavtale, klårgjer saka og prosessen rundt eigarskapen i SFE.

Les også: 
Fylkesutvalet med fråsegn om SFE-prosessen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990