Kjøp mellom 100 000 og 500 000

Vær obs på at dei grunnleggande prinsippa gjeld

  • Finnes det ei rammeavtale for det du skal kjøpe? Dersom JA - bruk avtalen - den finn du i innkjøpshandboka. Dersom NEI - les vidare
  • Spør 3-4 tilbydarar. Talet skal sikre reell konkurranse, men skal heller ikkje fungere slika t det utelukkar nokre få. Viss du ønskjer, kan det lysast ut på Doffin eller annonserast i avis eller liknande.
  • Send ut førespurnad saman med ein enkel kravspesifikasjon for kva du skal kjøpe og korleis du vil vurdere tilboda. Mal for dette finn du under malar. Be også om skatteattest og HMS-erklæring. Skatteattestar treng du frå alle tilbydarar. HMS-erklæring treng du berre frå den som får oppdraget. Du kan gje ein tilleggsfrist for å levere disse, viss dei er utegløymd frå tilbodet.
  • Gje alle same frist for å levere tilbod.
  • Fyll ut protokoll for kjøp mellom 100 000 og 500 000
  • Gje ein kort attendemelding til dei leverandørane som har gitt tilbod om kven som har fått oppdraget og kvifor. Gi og ein kort frist for eventuell attendemelding frå leverandørane.
  • Lagre aktuelle dokument i sak-/arkivsystemet - sjå fana "Dokumentasjon"

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut