Foto av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Foto av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Kristjan Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kjelsnes møtte i Stortinget

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes jobbar no for å sikre eit betre statsbudsjett for Sogn og Fjordane. Måndag 19. oktober var ho på høyring i kommunal- og forvaltningskomiteen i Stortinget.

Kjelsnes la vekt på desse to sakene då ho møtte på høyringa:

  • behov for fortsatt auke i tapskompensasjon som følgje av omlegging til nytt inntektssystem
  • utviklinga i dei tidlegare distriktspolitiske løyvingane (reduksjon av KMD- og DAA-midlane og midlar til breiband)

Svært vanskeleg

Det er særleg på desse to områda Sogn og Fjordane kjem dårleg ut i forslaget til statsbudsjett. No ber fylkesordføraren støttepartia til regjeringa, Venstre og Kristeleg Folkeparti, få til eit budsjettforlik der Sogn og Fjordane kjem betre ut.

– Kombinasjonen av eit lite distriktsvenleg inntektssystem og ei stadig svakare innretning på dei tidlegare distriktspolitiske løyvingane, gjer det svært vanskeleg for oss om budsjettframlegget til regjeringa vert vedteke, seier Kjelsnes.

Behov for meir tapskompensasjon

Regjeringa la i framlegget til statsbudsjett opp til å vidareføre tapskompensasjonen frå 2015. Sogn og Fjordane fylkeskommune har på si side teke høgde for ein auke i tapskompensasjonen i økonomiplan 2016–2019.

Det betyr at dersom framlegget frå regjeringa vert vedteke, så får Sogn og Fjordaneein årleg reduksjon i driftsrammene på 228 millionar kroner når det nye inntektssystemet vert innført for fullt i 2019. Det er det same som 2090 kroner per innbyggar. Nordland, som taper «nest mest», taper 946 kroner per innbyggar.

Fylkesordføraren bad Stortinget om at tapskompensasjonen vert trappa opp med 60 millionar kroner i 2016, tilsvarande fjorårets budsjettforlik. Ho bad også om ei «rettferdig» opptrapping, der dei som tapar mest, får mest.

Kuttar i DAA-midlane

DAA-midlane har sidan 2007 kompensert for høg arbeidsgjevaravgift i Førde, Florø og Sogndal. No vil regjeringa kutte drastisk i midlane fram til 2019, då dei foreslår å avvikle ordninga heilt. Innretninga på fordeling av dei regionale utviklingsmidlane (KMD-midlane) har også endra seg dei siste åra – med ei klår vriding  frå distriktspolitiske til meir regionalpolitiske kriterium.

I tillegg vil regjeringa kutte i løyvinga til utbygging av breiband – frå 159 mill. kr. i til 59 mill. kr. Reduksjonen i denne potten er spesielt problematisk for distriktsfylke som Sogn og Fjordane – der spreidd busetnad gjer at det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging av breiband i heile fylket.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568