Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.
Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kjærkomen støtte til kompetanseløft i salsfaget

Karriere Sogn og Fjordane har fått 300 000 kroner frå Kompetanse Norge til eit prosjekt som skal løfte kompetansen innan handelsnæringa i Førde.

Amfi, Elvetorget og Coop Nordvest har til saman rundt 700 tilsette i Førde. Dei deltek i prosjektet som er sett i gang av Karriere Sogn og Fjordane i samarbeid med NAV, Sunnfjord utvikling, Førde industri og næring og PRO Vestland opplæringskontor.  

Målet er å auke kompetansen for dei som jobbar i butikkyrket og ikkje har fagbrev.  

– Det er gledeleg at fleire, gjennom ordninga, kan få dokumentert sin kompetanse i salsfaget. Salsfaget har mange arbeidsplassar, og særleg positivt er det at ordninga kan høve for tilsette med både kort og lang arbeidspraksis, seier fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim.

Startar med kurs over sommaren

Prosjektet vil våren 2019 kartlegge kompetansen til deltakarane og informere om korleis dei kan ta ei målretta formell opplæring. Prosjektet vil motivere deltakarane til gjennomføring og bevisstgjere næringslivet på verdien av faglært arbeidskraft. I august 2019 vil ein starte opp med eksamensførebuande kurs for tilsette, kombinert med oppfølging på arbeidsplassen. 

Deltakarane i samarbeidet ser positivt på prosjektet for mellom anna å styrke statusen til salsfaget, styrke Førde sin posisjon som handelssenter i Vestland fylke, etablere tettare nettverk mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonane, og å kunne gje ei målretta formell opplæring til den enkelte. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut