Karrieresenter vert eit nytt tilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane

Det skal opprettast fire senter for karriererettleiing her i fylket. Desse skal gje råd om karriereval og utdanning til menneske som per i dag ikkje går på skule. Sentra skal fungere som ei støtteteneste for skuleverket.

Hovudutvalet for opplæring vedtok i møtet 22. mai at det skal opprettast senter for karriererettleiing i Førde, Dale, Sogndal og på Eid. Sentra skal dekkje både unge og vaksne sitt behov for karriererettleiing. Dei skal samle kompetanse knytt til karriererettleiing, vidaregåande opplæring for vaksne, fagopplæring og tenestene NAV har innan feltet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har driftsansvar for sentra. Det er planlagt oppstart frå hausten 2012. Målet er å gjere det langt enklare for innbyggjarane i fylket å både finne fram til og få råd og rettleiing om utdanning og yrkesval.

Partnarskap med brei kompetanse

Dei som kan søkje råd hjå sentra kan vere personar som treng eller ynskjer ei ny utdanning, til dømes grunna omskiftingar i arbeidslivet eller helsemessige årsaker. Det kan òg vere personar som ikkje tidlegare har teke utdanning.

Mange har lang praksis og god realkompetanse, men inga formell utdanning i yrket sitt. Desse kan få formalisert kompetansen sin gjennom realkompetansevurdering og opplæring.

Karriererettleiingstenesta er ein partnarskap mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, kommunane, LO, NHO, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fagskulen i Sogn og Fjordane, Ungt Entreprenørskap og Framtidsfylket. Dette gjev sentra brei kompetanse innan karriererettleiing.

Viktig å samarbeide med næringslivet

Det er ei viktig oppgåve for partnarskapen å samarbeide med næringslivet for å avdekkje behov i arbeidsmarknaden. Slik kan ein raskare få auge på og setje i gang opplæringstiltak. Likeeins kan ein lettare samkøyre tiltak som gjeld heile regionen, blant anna utdanning av minoritetsspråklege.

Karriererettleiingstenesta skal fungere som ei støtteteneste for skuleverket. Dei skal tilby støtte- og koordineringsoppgåver som rådgjevarar og kontaktlærarar i grunn- og vidaregåande skule kan nytte seg av. Dette er eit komplekst og omskifteleg felt som det er tidkrevjande å halde seg oppdatert innafor, og sentra er her tenkt å fungere som ein ressursbank.

For meir informasjon

Mari Anne Sundal
tlf. 57 65 62 22 / 415 30 892
e-post: mari.anne.sundal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker