Foto som syner delar av eit fiskeoppdrettsanlegg.

Kapasitetsauke for matfisk

Innehavarar av kommersielle løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i Sogn og Fjordane kan no søkje om fem prosent produksjonsvekst.

Oppdrettarar som ønskjer å utvide produksjonen, må sende søknad til fylkeskommunen der løyvet høyrer heime.

Tilbodet om fem prosent produksjonsvekst er lyst ut av Fiskeridirektoratet mot strenge miljøkrav.

Du finn meir informasjon og søknadsskjema på nettsidene til Fiskeridirektoratet.

Søknadsfristen er 1. september 2015.

Del dette:

Relaterte lenker