Kan kjøpe dei fylkeskommunale skulebygningane

Fylkesutvalet godkjende måndag at avdelinga på Vassenden av tidlegare Mo- og Jølster vidaregåande skule, med tomt, vert overdregen til Jølster kommune for 5 millionar kroner.

Dette er i samsvar med framforhandla avtale mellom kommunen og fylkeskommunen. Kommunestyret i Jølster skal handsama forhandlingsresultatet i møte den 4. november.

Den fylkeskommunale drifta ved skulen vart lagt ned ved utgangen av siste skuleåret. Fylkesutvalet har fått fullmakt av fylkestinget til å selje eigedomen.

Jølster kommune ynskjer å kjøpe eigedomen og fylkesrådmannen har framforhandla avtale med kommunen, som fylkesutvalet no har godkjent.

Kontaktpersonar:

Jan Tore Rosenlund, tlf. nr. 916 74 735

Bjørn Birger Bremer, tlf. nr. 970 35 419

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut