Foto av EU-flagget som vaiar mot blå himmel med litt skyer.

Foto: Bobby Hidy/www.flickr.com

Kan ideen din bli eit EU-prosjekt?

Regionalt EU-nettverk Sogn og Fjordane inviterer til prosjektverkstad om IT og beredskap (helse, tryggleik, klimaomstilling og energi) i Sogndal 31. mai.

Rammeprogrammet til EU, Horisont 2020, er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Det er denne arenaen Regionalt EU-nettverk Sogn og Fjordane, som fylkeskommunen er del av, ønskjer at aktørar frå fylket skal få delta på.

Difor inviterer nettverket no til prosjektverkstad for deltakarar frå offentleg sektor, næringsliv og FoU-miljø. Målet er å identifisere idear og behov i regionen, som kan danne utgangspunktet for prosjektsøknadar gjennom eit samarbeid med FoU-institusjonar.

På prosjektverkstaden vil vi særleg ta for oss områda IT og beredskap. Det betyr at verkstaden særleg er relevant for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi.

Program for prosjektverkstaden.

Påmelding til zno@vestforsk.no innan 24. mai.

Del dette:

Relaterte lenker