Kan bli best i landet

Denne veka konkurrerer Westtip Supplies UB frå Eid vidaregåande skule om å bli Norge si beste ungdomsbedrift i 2015.

Utan tidlegare etablerarerfaring starta sju ambisiøse gutar frå Eid vidaregåande i haust ungdomsbedrifta Westtip Supplies UB. Elevane har sjølve bakgrunn frå maritim næring, noko dei har tatt med seg inn i bedrifta. Dei har nemleg utvikla eit innovativt verktøy for å gjere arbeidet på oppdrettsanlegga enklare. Denne veka reiser dei til Lillestrøm for å representere Sogn og Fjordane i NM for ungdomsbedrifter.

Siktar høgt

– Vi har vore ambisiøse heile vegen, og forventningane har vore store heilt frå starten, men at det skulle nå heilt til NM er heilt fantastisk. No vil vi jobbe hardt og målretta med mål om å hevde oss i NM, seier dagleg leiar i bedrifta, Sindre Storøy Kolseth.

Etter å ha blitt kåra til beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane, er Westtip Supplies UB fylket sin representant i kategorien Norges beste ungdomsbedrift 2015. Dei reiser til NM saman med Safe Sound UB frå Årdal og Prosjekt Malawi UB frå Flora vgs.

Vinnarane vil bli publisert her umiddelbart etter premieutdelinga.

Entreprenørskap må lærast

500 elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane har drive ungdomsbedrift dette skuleåret. Elevane startar, driv og avviklar sine eigne bedrifter med ein lærar som rettleiar og ein mentor frå næringslivet.

– Vi har lett for å tenkje at entreprenørar «berre er slik». Det stemmer ikkje. Entreprenørskap er ikkje medfødt, det kan òg lærast, seier Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane.

Han erfarer at elevane oppnår resultat dei i utgangspunktet ikkje trudde dei kunne.

– Elevane får seg kompetanse, opplever mestringsglede og får erfaring som opnar mange nye moglegheiter for dei, seier Aasen.

Ynskjer meir samhandling

Entreprenørskapssatsinga i Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom mange aktørar. Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sognekraft og Sunnfjord Energi er blant bidragsytarane i fylket.

– Entreprenørskap i utdanning er ei samspel mellom mange aktørar. Lærarar, skuleleiinga, leverandørar, produsentar og mentor har lagt til rette og har hjelpt elevane på vegen. Kompetansen dei har fått, kunne dei ikkje lese seg til i ei bok. Vi treng meir samhandling mellom skulane og omverden, seier styreleiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, Jan Henrik Nygård.

Her kan du lese meir om dei forskjellige konkurransane.

Fakta

NM for ungdomsbedrifter arrangerast på Lillestrøm 29.–30. april. 158 ungdomsbedrifter frå heile landet konkurrerer i 16 ulike kategoriar, men det er berre éi bedrift frå kvart fylke som deltek i konkurransen om den gjævaste prisen og billett til EM i Berlin i sommar.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00