Kabelferja Hisarøy gjev øybuarar fastlandssamband

Innbyggjarane på Hisarøy i Gulen fekk fastlandssamband 30. august, i form av den batteridrivne ferja MF Hisarøy. Dette er den første batteridrivne ferja som vert sett i trafikk i Sogn og Fjordane – og også ei av dei første i landet.

Tidlegare har det gått passasjerbåt til og frå Hisarøy. Om øybuarane ville ha med bilen, var dette mogleg med ei lasterute tysdag og torsdag. 30. august vert difor ein merkedag for innbyggjarane på øya, noko også fylkesordførar Åshild Kjelsnes hadde merkt seg.

Ei ny tid

– Den nye tida er eit faktum. De som bur på Hisarøy kan no køyre bilen til husa dykkar kvar dag. De kan bere varene i bereposen nokre meter til inngangsdøra, noko dei aller fleste har teke som ei sjølvfølgje i mange år, sa Kjelsnes før ho opna det nye ferjesambandet.

Kabelferja skal gå mellom Hisarøy og Mjåneset på fastlandet, ei strekning på 750 meter. Ferja skal gå åtte gonger dagleg frå kvar side. Det er om lag 30 fastbuande på Hisarøy, og det er også mange hytter og fritidsbustadar på øya.

Vegopninga var lagt til Mjåneset, der det var servering av kaffi og kaker, fleire kulturelle innslag, talar og intervju med blant andre administrerande direktør Irene Kjelby Wergeland i Wergeland Holding.

Miljøvenleg og framtidsretta

Den batteridrivne ferja er bygd på Solund Verft i samarbeid med Wergeland AS og Maritime Engineering AS Knarvik. Ferjesambandet Hisarøy–Mjåneset kan skilte med den andre kabelferja i Sogn og Fjordane, men den første som går på batteri.

– Eg tykkjer det er ekstra stas at vi kan slå fast at de har fått eit både miljøvenleg og framtidsretta reisetilbod. Her går distrikts-Noreg føre som eit godt døme med miljøvenleg teknologi, sidan ferja ikkje har eksosutslepp. På den måten er vi med å halde CO2-utsleppa nede, sa fylkesordføraren til dei frammøtte.

1100 meter ny veg

Vegprosjektet omfattar 300 meter ny fylkesveg på Mjånes og 800 meter ny kommunal veg på Hisarøy. På kvar side av Nyhammersundet er det bygd betongrampar, altså ferjelemmar, som kablane er festa til.

Magne Hope AS har vore entreprenør på anlegget og starta arbeidet i august 2012. Kontraktsummen var på 16,5 millionar kroner, den totale kostnaden på prosjektet er på 20 millionar kroner.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut