Foto som syner ein golfspelar som står krøka med kølla klar til eit lite slag. Det står andre menneske rundt, det er grønt gras og sol.
Foto som syner ein golfspelar som står krøka med kølla klar til eit lite slag. Det står andre menneske rundt, det er grønt gras og sol.

Golfanlegg er blant idrettsanleggstypane som får tildelt spelemidlar gjennom regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Biletet er frå Sunnfjord Golfklubb, som er prioritert for tildeling i 2018. (Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune).

Justerer prioriteringa av spelemidlar

Fylkeskommunen går i desse dagar gjennom kva idrettsanlegg i fylket som skal prioriterast for spelemidlar fram til 2023.

Arbeidet er gjort i samband med rullering av handlingsprogrammet og langtidsprogrammet i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016–2019. Planen legg blant anna føringar for når ulike idrettsanlegg i fylket skal få spelemidlar.

Hovudutval for næring og kultur handsamar det nye handlingsprogrammet og langtidsprogrammet 21. november, før fylkestinget gjer endeleg vedtak i desember.

Både nybygg og rehabilitering

Den regionale planen legg opp til at 55 prosent av den totale tildelinga av spelemidlar til Sogn og Fjordane skal gå til større anlegg, som til dømes idrettshallar, kunstgrasbaner og motorsportsanlegg. Dei resterande 45 prosentane vert styrde av kommunale planar og til nærmiljøanlegg.

Kommunane, idrettskrinsen og Forum for natur og friluftsliv har delteke i arbeidet med rullering av programma.

– Vi registrerer at kommunane er særleg opptekne av både å etablere nye idrettshallar og symjehallar og å rehabilitere eksisterande hallar og kunstgrasbaner. Det vert også jobba med vidareutvikling av motorsportsanlegg og alpinanlegg fleire stadar, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.

Spelemidlar viktig verkemiddel

Handlingsprogrammet for regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv styrer tildelinga av spelemidlar for 2018 og 2019. Langtidsprogrammet omhandlar anlegg som ligg litt lenger fram i tid, som kan vente tildeling i perioden 2020–2023.

– Det er viktig at desse programma er oppdaterte og føreseielege ved tildeling av spelemidlar. Desse midlane er ei av dei viktigaste finansieringskjeldene vi har for å realisere anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv. Sogn og Fjordane har siste åra fått auke tildelinga, og vi må jobbe for at den utviklinga skal halde fram, slår Skrede fast.

Saksliste for møtet i hovudutval for næring og kultur 21. november 2017.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar, nærings og kulturavdelinga
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00