Jubileumsmarkering for Urnes stavkyrkje

Fylkesordføraren deltok på jubileumsmarkerings for Urnes stavkyrkje, og hadde ei helsing under den formelle seremonien. 

Jubileumsmarkering for Urnes stavkyrkje

Kjære statsråd, riksantikvar og kjære gjester.

Velkomne til Sogn og Fjordane, og velkomne til vakre Urnes i Luster!

Takk for at eg får vere med her i dag, det er verkeleg ei veke i kulturens namn her i fagre Luster! På torsdag opna Wittgensteinhuset i Skjolden, og i dag har vi ei flott jubileumsmarkerings for eit av dei viktigaste kultursymbola i norsk historie. I 1979 vart Urnes stavkyrkje og Bryggen i Bergen innskrivne på UNESCO si verdsarvliste. Det var dei to første norske innskrivingane på verdsarvlista, og det seier vel sitt.  Ei innskriving på verdsarvlista kan sjåast på som ei stadfesting på at vi her hjå oss har eit av verdas mest verdifulle kulturminne og såleis stiller det Urnes i ei særstilling mellom stavkyrkjene våre.

Det spanande med Urnes stavkyrkje er at vi her har bevart mykje frå den lange historia til kyrkja. Kyrkja har vore forsiktig restaurert og ein har tatt vare på endringar som har blitt gjort undervegs, noko som gjer at vi her kan oppleve heile den lange historia til kyrkja.

Sjølv om det berre er stavkyrkja og kyrkjegarden som er innskriven på verdsarvlista er omgjevnadane til den svært viktige. Det storslegne fjordlandskapet med det vakre kulturlandskapet rundt kyrkja er viktig både for forståinga av kvifor kyrkja vart bygd her, og for opplevinga av verdsarven.

Menneska på Ornes som gjennom sitt arbeid og engasjement for stavkyrkja og landskapet er ein av dei viktigaste ressursane vi har for å ta vare på verdsarven. Gjennom sin bruk av landskapet i generasjonar har dei vore med på å ta vare på omgjevnadane slik at vi i dag kan oppleve eit landskap som i stor grad er uendra.

 

 

 

1800-talet var ei hard tid for stavkyrkjene våre, mange var i forfall og med bestemminga i Kyrkjelova av 1851 om at kyrkjene skulle ha plass til minst tre tidelar av soknet vart mange av stavkyrkjene for små. Ei fylje av dette var at mange vart rivne. På denne tida hadde vi ikkje noko lovverk for å bevare kulturminna våre og ofte var einaste moglegheita til å ta vare på bygningane frå fortida å kjøpe dei.

Fortidsminneforeininga som vart stifta i 1844 brukte mykje tid og krefter for å redde fleire av stavkyrkjene i Noreg, og eig i dag åtte av dei bevarte stavkyrkjene, mellom anna Urnes stavkyrkje. Ved å kjøpe Urnes stavkyrkje, for så å setje den i stand - og opne den for publikum har Fortidsminneforeininga både redda ein særs verdifull del av vår kulturarv og gjort den tilgjengeleg for mange.

For å ta godt vare på og utvikle verdsarvminnet Urnes stavkyrkje krev det at mange samarbeider. Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande områder er her eit viktig samarbeidsorgan der små og store problemstillingar drøftast og vi saman kan finne vegen til den gode utviklinga av verdsarvstaden Urnes stavkyrkje. Her har Luster kommune sitt engasjement og gode leiarskap vore viktig for både etableringa av verdsarvrådet og rådet sitt arbeid.

Når ein møter kulturminne som Urnes stavkyrkje kan ein bli fanga i fortida og historia til kyrkja og staden her på Ornes. Samstundes må vi sjå framover til korleis kyrkja og lokalsamfunnet skal takast vare på og korleis vi skal ta i mot dei mange besøkjande. Fortidsminneforeininga er no godt i gang med arbeidet med eit verdsarvsenter her på Ornes, noko som gjev nye moglegheiter til gode besøksopplevingar og formidling av kunnskap om verdsarven, stavkyrkjene og Ornes. Vi gleder oss til at dette vert ferdigstilt.

For reiselivet er den raskast veksande næringa i verda, og i Sogn og Fjordane har vi lange tradisjonar innan turistnæringa sidan tidleg på 1800-talet. Vi satsar òg på reiseliv framover, og heldigvis har det vorte meir fokus på klima og miljø, saman med vekst. I Sogn og Fjordane har vi alt det beste Noreg som turistdestinasjon har å by på. Vi har spektakulære djupe, lange fjordar, kvitkledde fjell med grøne lier, fossar som ligg som eit vakkert slør nedover fjellsidene, blåe isbrear, og ein kultur der vern og levande bygder går hand i hand. Dette er eksotisk for dei fleste turistar som kjem til fjordane våre, og det er ikkje utan grunn at både Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje på verdsarvlista. Verdsarvstatus blir gitt til område som blir rekna for å ha særdeles flott natur og kulturell verdi, og ikkje minst at dette er teke godt vare på. Det er flott å minnest opphavet og hugse på historia vår, og det er viktig at vi legg til rette for å bevare kulturarven vår på ein berekraftig måte, som kan gleda mange generasjonar framover.

I 2020 vert vi til Vestland fylke. Eit fylke som vil ha tre verdsarvområder, Bryggen i Bergen, Vestnorsk fjordlandskap og Urnes stavkyrkje. Dei mange verdsarvstadane i fylket er noko som forpliktar oss til å ta særs godt vare på dei, samstundes som det også gjev oss mange moglegheiter til å skape opplevingar, kunnskap og ei berekraftig næringsutvikling.

Det er òg viktig med arbeidsplassar på Ornes slik at ein framleis kan bu her. Verdsarva opnar for moglegheiter for dei som ynskjer å skape sine eigne arbeidsplassar, noko vi ser allereie vert gjort gjennom foredling og vidaresal av lokalproduserte produkt.

Eg er stolt og heldig som kan stå her som fylkesordførar i kulturfylket Sogn og Fjordane, og som ser kor mykje initiativ og kreativitet som finnes rundt om i fylkes vårt. Det gleder eit kulturhjarte, og ikkje minste eit fylkesordførarhjarte, å sjå at kunsten og kulturen blomstrar.

Eg ser fram til resten av dagen i dag, lukke til vidare med det viktige arbeidet – alle som er med å bidra!