Jubileumskonsert musikklinja Firda vgs., 40 år

Laurdag 27. april hadde musikklinja på Firda på Firda vidaregåande skule 40 års jubileum, og feira det med ein jubileumskonsert med nye og gamle elevar. Fylkesordføraren hadde følgande helsing under arrangementet. 

Jubileumskonsert Firda VGs, musikklinja 40 år

Kjære publikum, kjære tilsette og kjære elevar!

Takk for at eg fekk vere her i dag, når musikklinja feirar 40 år, og de feirar storslagent med ein flott jubileumskonsert!

Det blir flott gjenhøyr med tidlegare elevar, og eg synes det er så flott at de kjem attende hit for å inspirera dagens unge og delta på feiringa.

Firda vidaregåande skule har heilt sida oppstarten av musikklinja vore ein magnet for musikkinteresserte frå heile fylket, og kanskje spesielt etter at musikklinja vart meir praktisk retta, med instrumentalopplæring frå 1988. Den som har vore fluge på veggen her oppgjennom åra har opplevd boblande kreativitet, stor musikalitet og mykje allsidigheit. Årleg sett musikklinja her på Sandane opp ein flott musikal, og det er flotte fellesprosjekt for avgangselevane frå musikk, dans og drama som eg ved fleire høve har fått gleda av å sjå.

Eg må òg få lov å nemne TV-serien Lovleg, som dei siste par åra har vore spelt inn her på Firda. Serien har synt fram både skulen, musikkmiljøet, ungdomsutfordringar, hybelbebuarliv, Sandane, bygdeliv og sjølvsagt nynorsken på ein flott og fargerik måte.

Eg er stolt og heldig som kan stå her som fylkesordførar i kulturfylket Sogn og Fjordane, og oppleve ei slik førestilling på øvste hylle levert av unge, framstormande elevar. Til dykk som skal på scena i dag, eller bak scena for den saks skuld; lukke til!

Eg ser fram til ei spanande framsyning og ynskjer publikum ein retteleg god fornøyelse!