Foto av fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal.
Foto av fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal.

Fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samarbeider om Regionalt forskingsfond Vestlandet, og alle dei tre fylkesordførarane sit i fondsstyret. F.v. Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal.

Jenny Følling er ny styreleiar i Regionalt forskingsfond Vestlandet

Fylkesordførar Jenny Følling leia 6. februar sitt første møte som styreleiar for Regionalt forskingsfond (RFF) Vestlandet.

Fondet lyser ut midlar til både kvalifiseringsprosjekt og større forskingsprosjekt i landsdelen. Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samarbeider om fondet.

– Ordninga med regionale forskingsfond for er ei satsing som skal styrke utvikling og nyskaping på Vestlandet ved å støtte regionalt prioriterte forskingstema. Vi vil bidra til å utvikle forskingskvaliteten og til å skape nye, konkurransedyktige FoU-miljø, seier Følling.

Positiv til overføring av middel til regionane

Den nyvalte leiaren seier at dei Regionale forskingsfonda ser positivt på ekspertutvalet sin rapport som vil overføre forskingsmiddel til det regionale folkevalde nivået. Slik kan forskings- og innovasjonsinnsatsen i større grad tilpassast regionale behov og prioriteringar.  

Kunnskapsdepartementet har gitt ei tildeling på 36,8 millionar til fondsregion Vestlandet i 2018. På møtet i Bergen 6. februar tildelte styret midlar til seks kvalifiseringsprosjekt. Desse kan søkje kontinuerleg gjennom året, så lengde det er att midlar i potten.

Fristen for å søkje støtte til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt er 14. februar. Tildelinga vert klar på møtet i Sogndal 6. og 7. juni.

RFF Vestlandet har lyst ut 35 millionar kroner i forskingsmidlar for 2018.

For meir informasjon

Jenny Følling
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Jone Engelsvold
sekretariatsleiar
forsking@hfk.no

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00