Foto frå møte i fylkesutvalet. Utvalet er samla rundt møtebordet, og alle har pc-ar framføre seg.
Foto frå møte i fylkesutvalet. Utvalet er samla rundt møtebordet, og alle har pc-ar framføre seg.

Ja til ny region – på visse vilkår

Fylkesutvalet seier ja til å gå vidare med samanslåingsplanane med Hordaland dersom det vert ei nasjonal regionreform. Fylkestinget handsamar saka i morgon.

Fylkesutvalet handsama saka om intensjonsplanen for samanslåing mellom Sogn og Fjordane og Hordaland onsdag ettermiddag.

Må bli reell reform

Tilrådinga frå fylkesrådmannen var todelt. Punkt ein seier at dersom tal fylke/regionar vert vidareført på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, bør Sogn og Fjordane halde fram som og vidareutviklast som eige fylke. Dette punktet – med mindre justeringar frå Arbeidarpartiet – vart vedteke med seks mot tre røyster.

Senterpartiet fremja forslag om at Sogn og Fjordane skal halde fram og verte vidareutvikla som eige fylke uansett, og heller vurdere saka på nytt om fylka vert tilført nye oppgåver. Dette framlegget fekk tre røyster og fall. 

Dei ni representantane i fylkesutvalet stemde så samrøystes for punkt to i tilrådinga frå fylkesrådmannen, med endringar frå Arbeidarpartiet. Dette punktet seier at Sogn og Fjordane fylkeskommunen bør søkje samanslåing med Hordaland frå 2020 dersom Stortinget vedtek ei nasjonal regionreform, som reduserer tal fylke/regionar til om lag ti, legg til rette for harmonisering mellom statlege regionar og det regionale folkevalde nivået og styrkjer regionnivået.

Les heile møteprotokollen frå fylkesutvalet.

Fylkestinget 2. februar

Fylkestinget handsamar og gjer endeleg vedtak i saka om regionreforma i morgon, torsdag 2. februar. Møtet startar kl. 13.00 og vert sendt direkte på nett på heimesida til fylkeskommunen.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole I. Gjerald
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568