Deltakarar på Fylkesting for ungdom 2018
Deltakarar på Fylkesting for ungdom 2018

Deltakarar på Fylkesting for ungdom 2018

Inviterer til Fagsamling om ungdomsarbeid

18.–19. oktober inviterer fylkeskommunen til Fagsamling om ungdomsarbeid. Dette er ei årleg samling for dei i kommunane som jobbar med UKM, ungdomsråd og Dans uten grenser.

Samlinga skal vere på Thon Hotel Jølster. 18 oktober er UKM hovudtema. Denne dagen vil det bli informasjon om kva som er på gang både nasjonalt og regionalt i tillegg til døme frå UKM-arbeidet i ulike kommunar.

Dagen vert avslutta med eit fellesføredrag v/ Roger Hestholm, programansvarleg, sosiologi - ungdomssosiolog, ved Høgskulen på Vestlandet. Føredraget har fått tittelen "Saman er ein mindre aleine? Sosiologisk blikk på dagens ungdsom".

19. oktober er programmet delt i to parallellar, ungdomsråd og Dans uten grenser. I tillegg til informasjon blir dei pågåande kommunesamanslåingane eit viktig tema.

Begge dagar vil ein også komme inn på korleis samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland fylke vil kunne virke inn på arbeidet lokalt og regionalt.

Program og påmeldingsskjema finn du her: http://www.sfj.no/fagsamling-om-ungdomsarbeid.473385.nn.html

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00