Politikarar og fylkesråmannen sit ved eit møtebord, alle med pc`ar.
Politikarar og fylkesråmannen sit ved eit møtebord, alle med pc`ar.

Inviterer innbyggarar til å vere med og utforme nytt fylkesvåpen

Arbeidet med å utforme fylkesvåpen for Vestlandet fylkeskommune er i gang. Eit arbeidsutval ber fylkesrådmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane starte prosessen. Politikarane ønskjer at innbyggarane skal få vere med og bidra med innspel.

Arbeidsutvalet, nedsett av fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane til eitt fylke, hadde første møte i dag. Fellesnemnda vedtok før jul at det skal utformast eit nytt fylkesvåpen. Det er dermed ikkje aktuelt å vidareføre eitt av dei to eksisterande fylkesvåpen. 

Open og brei prosess 

Arbeidsutvalet legg opp til ein open og inkluderande prosess for utforming av det nye fylkesvåpenet. Det nye våpenet skal kommunisere og vere identitetsskapande på ein god måte med innbyggarane i fylket. Alle innspel blir vidareført til ein designkonkurranse. 

Dei to fylkesrådmennene skal leie ein prosjektgruppe i arbeidet. Vidare skal ein fagkomite/jury med kompetanse innan kunst, historie, heraldikk og kommunikasjon vurdere og tilrå val av alternativ. 

Til hausten skal fagkomiteen/juryen leggje fram forslag for arbeidsutvalet som tilrår overfor fellesnemnda. Tilrådinga for fellesnemnda skal bli lagt fram for fylkestinga. Etter framdriftsplanen skal dette skje i oktober. 

Prosjektleiar og politisk organisering 

Arbeidsutvalet har vedteke å lyse ut stillinga som prosjektleiar/fylkesrådmann for den nye fylkeskommunen eksternt. Etter framdriftsplanen skal tilsetting skje i møte i fellesnemnda 4. mai. 

Arbeidsutvalet har vidare vedteke at fylkesrådmennene skal legge fram sak om framtidig politisk organisering av den nye fylkeskommunen til møte i fellesnemnda 22. juni. Utgangspunktet skal vere den vedtekne intensjonsplanen, ansvarsområde i dag, samt nye oppgåver til fylkeskommunen. 

Politisk organisering skal vere fastsett før administrativ organisering.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713