645ue 3argz
 645ue 3argz

Hovudutval for næring og kultur vedtok 1. oktober at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil fremje Selje som regionalt pilegrimssenter som ledd i ein varig regional satsing på Kystpilegrimsleia. (Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Inviterer Bjørgvin bispedømme til å delta i arbeidet på Selja

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til eit prosjekt for å gjere klosterskatten på Selja betre kjent og inviterer no biskopen i Bjørgvin inn i styringsgruppa for prosjektet.

I samband med prosjektet har det kome reaksjonar på ordval i ein konsulentrapport fylkeskommunen hadde bestilt frå PwC.

Berekraftig reisemål

– Det er fylkeskommunen ved nærings- og kulturavdelinga som har formulert prosjektet og lyst det ut på anbod. Vi har ikkje behov for å skyve ansvaret over på utøvande konsulentar, ansvaret er vårt. Vi har ikkje vanskar med å sjå at det kunne vore valt andre ord og uttrykk om klosteret på Selja, og vi tek sjølvkritikk på det. Det viktigaste er slik vi vurderer det, at Selja kloster blir eit berekraftig reisemål, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Difor inviterer han no biskopen i Bjørgvin inn som deltakar i styringsgruppa for prosjektet. Både fylkeskommunen og dei andre aktørane i prosjektet ønskjer at alle besøkande på Selja får ei oppleving som er staden verdig, også dei som søkjer fred og tid for ettertanke.

Treng felles språk

– Eg er trygg på at vi skal finne både arbeidsmåtar og uttrykk som biskopen og andre finn Selja verdig, seier Heggheim.

Han legg til at slike store prosjekt treng eit felles språk, for at alle partar skal forstå kva som er meint i arbeidet med problemstillingar. Omgrep som «produkt» og «kundesegment» er kjende for alle som har drive med prosjekt av dette formatet.

Eit stort tal aktørar er med i prosjektet om klosteret på Selja, blant andre prosjektet pilegrimsleia, der også biskopen i Bjørgvin er ein aktiv pådrivar.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00