Invitasjon til leverandørkonferanse - miljøvenlege møblar

Sogn og Fjordane Felles Innkjøp skal i løpet av forsommaren 2011 starte ein anbodsprosess på møblar. I forkant av dette ynskjer vi å invitere til ein leverandørkonferanse om miljøstandardane knytt til møblar.

Konferansen finn stad i Leikanger, 11. mai 2011, på fylkeshuset - og er gratis.

I fylje handlingsplanen for miljø og samfunnsansvar frå 2007 skal alle offentlege innkjøp ta omsyn til miljøperspektivet og samfunnsinnverknaden ved kvart einskild innkjøp. Difor må og leverandørar kjenne til desse miljøkriteria.

For å gjere dette greiare invitera Knutepunkt Sogn og Fjordane alle leverandørar av møblar til ein leverandørkonferanse om møblar og miljøkriteria. Som de kan sjå av det vedlagte programmet skal vi gå inn på både det grunnleggande om innkjøp, men og meir spesifikt om korleis implementere miljø.

Påmelding er avslutta.

Program
10:00 Velkomen – introduksjon av Knutepunkt Sogn og Fjordane
10:15 Møblar – Kva krav kan ein stille, til kven og når
- Kva krav kan det offentlege sette, kva seier regelverket
- Miljøvenlege og etiske møblar – kva er det
- Kva er livssyklus
- Kvar i kjeden kan ein gripe inn
- Underleverandørar – kva krav kan ein sette til dei
Spørsmål
12.00 Lunsj

Del dette:

Relaterte lenker