Invitasjon til arbeidsverkstader

Fylkeskommunen ynskjer eit samarbeid med statlege organ, kommunar og organisasjonar for å forme innhaldet og utforminga av ein regional plan for folkehelse.

Planarbeidet skal bringe saman ulike aktørar for å jobbe med oppgåver knytt til dei utfordringar og behov som er prioritert i planprogrammet.

Arbeidsverkstadene har som mål å få fram koplingar mellom tema og å identifisere oppgåver og tiltak som kan bidra til å løyse utfordringar og behov.

Arbeidsverkstadene vil finne stad mellom kl. 09.30 og kl. 15.30 på desse stadene:

Torsdag 21. august: Sogndal Choice Hotell
Tysdag 26. august: Høyanger Hotell
Torsdag 28. august: Florø Samfunnshus
Tysdag 2. september: Gloppen Hotell

Deltakarane får lunsj, pausemat og kaffi/te gratis.

Påmelding seinast 3 dagar før det aktuelle møtet sendast til doris.lene.rutledal@sfj.no (tlf. 960 13 776).

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette