Invitasjon til arbeidsverkstader om Regional plan for folkehelse

Sogn og Fjordans fylkeskommune skal lage Regional plan for folkehelse. No inviterer vi representantar frå viktige fylkesdekkande og lokale aktørar til å peike ut utfordringar og behov, samt kome med innspel til oppgåver planen bør ta tak i.

Det vert tre arbeidsverkstadar:

  • Måndag 3. februar kl. 09.00–15.00 på Nordfjord hotell, Nordfjordeid.
  • Torsdag 6. februar kl. 09.00–15.00 på kommunehuset i Dale.
  • Tysdag 11. februar kl. 09.00–15.00 på Skei hotell, Skei.

Regional plan for folkehelse skal fungere som eit grunnlag for det samla arbeidet med folkehelse i fylket, og han skal hjelpe fylket å følgje opp folkehelselova. Planen skal peike ut aktuelle innsatsområde og tiltak for fylket i perioden 2015–2018.

Dei tre arbeidsverkstadane er eit ledd i arbeidet med å fastsetje planprogram. Planprogrammet skal avklare kva tema og oppgåver fylket skal arbeide med i planen, og korleis arbeidet skal organiserast.

På verkstadane vil du kunne hjelpe oss med følgjande:

  • Å synleggjere viktige framtidige samfunnsutfordringar og -behov i fylket.
  • Peike ut oppgåver som Regional plan for folkehelse bør ta tak i, for å avhjelpe desse utfordringane og behova.

Vi ser for oss at arbeidsverkstadane også vil kunne gje nyttige innspel til anna framtidig regionalt planarbeid (mellom anna Regional planstrategi), ikkje berre til Regional plan for folkehelse.

Deltakarane får lunsj, pausemat og kaffi/te (gratis).

Påmelding

Vi ber om påmelding for å kunne planlegge arbeidsverkstadane best mogelege, seinast fire dagar før verkstaden finn stad, til joar.helgheim@sfj.no (ev. tlf. 415 30 955).

Del dette:

Relaterte lenker