INU-FSF - Utlysing av midlar 2015

Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal (INU-FSF) opnar no for søknadsrunde i 2015. Søknadsfristen er 15. juni.

Midlane skal gå til

INU-midlane skal bidra til etablering og utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for auke verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/næringsverksemd, med hovudfokus i dei tre råka kommunane

Søknad skal sendast elektronisk på www.regionalforvaltning.no innan 15. juni. Meir informasjon om utlysinga og kontaktinformasjon finn de her.

Del dette:

Relaterte lenker