Foto av prosjektdeltakarane i EU-prosjektet P-IRIS på studietur til Italia.
Foto av prosjektdeltakarane i EU-prosjektet P-IRIS på studietur til Italia.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Internasjonalt nettverksprosjekt – lærdom frå fase 1

Kva gevinstar kan kome frå deltaking i internasjonalt arbeid?

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 1. januar 2017 leia eit internasjonalt prosjekt, P-IRIS, som handlar om å bygge sterke, innovative nettverk i distriktsområde.

– Vi hadde konstatert at miljø i fylket vårt ikkje nådde opp i nasjonale program for klyngesamarbeid. Konklusjonen vart at vi ikkje burde kopiere erfaringane frå dei store universitetsbyane, men heller utvikle noko som kan fungere i distriktssamfunn, seier fagkoordinator Lars Hustveit i fylkeskommunen.

Les meir om prosjektet her.

Har delt erfaringar og kunnskap

P-IRIS står for: “Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools”

Prosjektpartnarane kjem frå distriktsområde, ikkje så ulike Sogn og Fjordane, i fem andre europeiske land, Italia, Spania, Kroatia, Slovenia og Finland.

I 2,5 år har partnarane kartlagt regionale forhold, besøkt kvarandre og delt erfaringar og kunnskap. Prosjektleiar Ingvild Andersen oppsummerer lærdommar frå arbeidet i fire punkt:

Lærdom #1 – Teoretisk forankring og kulturforståing er viktig

Når organisasjonar frå fem land kjem saman om eit prosjekt bør ein prioritere å forstå utgangspunkta og kulturane til dei enkelte landa. Med forskarar på laget får vi eit felles språk for å forstå praksis sjølv om kultur og samfunn er ulike. Forskingsrapporten «Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk» av Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet gav oss eit slikt felles språk.

Lærdom #2 – Identitetsbygging og samarbeid er motvekta til fragmentering

Alle partnarane stadfesta at distriktsområde slit med deling av kunnskap mellom aktørar. Det kan vere på grunn av avstandar, manglande teknologi og høgt tal administrative einingar, men også manglande vilje kunne vere ei årsak. Ei løysing fremja av Guido Calvi (frå Vallecamonica Mountain Community i Italia) handla om å skape ein felles identitet som gjer at aktørane ikkje ser på eiga vinning, men vinninga til regionen som heilheit. Det handlar om merkevarebygging som strategi for å utvikle bedriftssamarbeid. For å lukkast med det er det avgjerande at aktørane forpliktar seg til overordna strategiske planar som gjeld regionen som heilheit.

Lærdom #3 – Teknologiske løysingar forkortar avstandar

I Finland fekk vi gode døme på korleis dei nyttar digitale kommunikasjonsplattformer til å samarbeide med kvarandre. Dei viste at investeringar i moderne IKT-utstyr har betalt seg i form av tilgang på manglande ekspertise, meir open innovasjon, nye arbeidsløysingar med fjernleiing og kontorfellesskap.

Lærdom #4 – Eldsjeler kan få til store ting på små stadar

Eit problem for distriktsområde er mangel på attraktive arbeidsplassar som svarar til ambisjonane til unge og nyutdanna. I Slovenia viste dei oss korleis lokale eldsjeler, enda dei hadde lite ressursar, skapte kontorfellesskap som var attraktive for unge gründerar.

Etablert, lokalt næringsliv stilte opp som mentorar for gründerane og eit spesielt selskap tilbaud test og demonstrasjonsfasilitetar når det gjaldt nye teknologiske løysingar. Dette var eit selskap som hadde lukkast i den internasjonale marknaden og som tok på seg eit samfunnsansvar ved å stille utstyr og areal til rådvelde for unge gründerar. Leiaren av selskapet gjorde dette for å gje noko tilbake til området der han hadde vakse opp, og der ungane hans no veks opp.

Gründerar som fekk plass i kontorfellesskapet, måtte vise at dei verkeleg ville det. Dersom dei ikkje kom «på jobb», mista dei etter kvart plassen sin.

Vidare arbeid

Prosjektet P-IRIS går no over i fase to. No er tida komen for iverksetjing. Ny lærdom har blitt tilpassa eigne, regionale forhold.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har utforma ein handlingsplan som skal innførast dei neste to åra. I løpet av våren 2020 får vi utvikla ei nettbasert læringsplattform med øvingar for å initiere, utvikle og fornye nettverk. Øvingane kjem frå rapporten «Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk», som nyleg vart revidert med bakgrunn i kunnskap frå P-IRIS.

Ein viktig ambisjon dei neste to åra er å få til samarbeid mellom sterke miljø både lokalt og i andre delar av landet. Det blir særleg viktig å knyte lokale miljø betre til nasjonale klynger og til dei test- og demonstrasjonsanlegga som no vert bygde opp – ofte i tilknyting til sterke klyngemiljø.

Vi gler oss til å presentere ei løysing av verktøyet juni 2020.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00