Innspel frå fylkeskommunen til Helse Førde sin strategiplan

Styret i Helse Førde har sendt si tilråding for framtidig modell for spesialhelsetenesta i Sogn og Fjordane ut på høyring. Etter ei samla vurdering, går fylkesrådmannen inn for modellen med eit sentralsjukehus og 2-3 distriktsmedisinske senter. Saka vert behandla i fylkesutvalet 22.mars / 6. april, og i fylkestinget 7.april.

Helse Førde har store utfordringar i dag ved at fagmiljøa er spreidde, sårbare og til dels prega av manglande kontinuitet, samt ved at rekruttering er krevjande og då spesielt på lokalsjukehusa. Vidare har dei store økonomiske utfordringar innanfor gjeldande rammer.

I høyringsdokumentet er det omtalt modellar som mellom anna byggjer på kommunal medverknad. Dette blir spesielt konkretisert i modell 1: Eitt sentralsjukehus og to distriktsmedisinske senter i Indre Sogn og Nordfjord. Det blir her lagt opp til tett integrasjon mellom forvaltningsnivåa.

Ønskjer sterke distriktsmedisinske senter

Fylkesrådmannen meiner at denne modellen har noko føre seg og føreslår at kommunane blir oppmoda om å gå saman for å sikre sterke distriktsmedisinske senter etter denne modellen. Samstundes vert det understreka at det ligg til kommunane sjølve å velje korleis dei vil tilpasse seg reforma og at denne enno ikkje er formelt vedteken i Stortinget.

Fylkesrådmannen går etter ei samla vurdering inn for modell 1 i høyringsdokumentet.

Viktige føresetnader for å gå inn for modell 1 vil etter fylkesrådmannen sin vurdering likevel vere at:

  • det blir Lærdal som blir distriktsmedisinsk senter for Indre Sogn; ikkje minst av omsyn til gjenbruk av eksisterande bygningsmasse og arbeidsplassar i kommunen,
  • det blir betydeleg ambulerande verksemd frå sentralsjukehuset innan poliklinikk/dagbehandling retta mot Nordfjordeid og Lærdal,
  • det blir opna for spesialisering på dei distriktsmedisinske sentra,
  • kommunane går saman for å sikre sterke distriktsmedisinske senter med oppgåver som skissert i modell 1 og med interkommunale sengepostar og
  • den akuttmedisinske kjeda blir styrka monaleg.

Heile innspelet frå fylkeskommunen kan lesast i saka under

Sak 34/ 10 Høyring Helse Førde sin strategiplan 2010 - 2010

For meir informasjon, kontakt fylkesrådmann Jan Øhlckers på telefon 57 65 61 14 / 41 53 09 63

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568