Innfører tobakksrestriksjonar

Fylkesrådmannen har fått mynde til å regulere tilhøva knytt til bruk av tobakk for dei tilsette i fylkeskommunen og på fylkeskommunal grunn.

Fylkesutvalet gjorde onsdag framlegg om at fylkeskommunen innfører restriksjonar på bruk av tobakk (røyk og snus) for tilsette og folkevalde i fylkeskommunen, utover det som følgjer av reglane i tobakkskadelova. Bakgrunnen for framlegget var endringane i tobakkskadelova som vart iverksett 1. juli i år.

Fylkestinget vedtok følgjande:

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune innfører forbod mot røyking på fylkeskommunal grunn, bygningsmasse og i fylkeskommunale tenestebilar. Fylkesvegar vert ikkje omfatta.

2. Fylkesrådmannen får mynde til å regulere tilhøva knytt til bruk av tobakk for dei tilsette i fylkeskommunen og på fylkeskommunal grunn.

Bakgrunn:

Tobakkskadelova vart endra med verknad frå 01.07.14. Alle elevar i grunnskulane og i dei vidaregåande skulane har no rett til eit tobakksfritt miljø på skulen. Elevane har såleis ikkje høve til å røyke eller snuse i skuletida. Tobakksforbodet gjeld også utanfor skulen sitt område. I tillegg til totalforbod for elevane i skuletida gjeld det no eit generelt tobakksforbod på skulen sitt inne- og uteområde. Dette forbodet omfattar alle, også tilsette og besøkjande, heile døgeret. I praksis inneber dette at dei tilsette ved dei nemnde skulane - i motsetnad til elevane – i dag har lov til å bruke tobakk i skuletida dersom dei bevegar seg utanfor skuleområdet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568