Intervju med videokamera

VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Dette er eit nytt utdanningstilbod ved Måløy vidaregåande skule frå hausten 2020

Dette vert eit heilt nytt utdanningsprogram med nytt innhald.

Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit sentralt fag for å kunne forstå kordan teknologi, kommunikasjon og design pregar og utviklar samfunnet. Programfaga skal bidra til at elevane utviklar praktiske ferdigheiter og kreativitet. Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon skal førebu elevane på eit samfunn og arbeidsliv i utvikling gjennom å gi dei kompetanse innanfor informasjonsteknologi, kommunikasjon og medieproduksjon.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Programfaga skal bidra til utfolding av skaparglede, engasjement og kreativitet. Videre skal programfaga bidra til å utvikle kritisk tenking og etisk medvit knytt til teknologi og medier og kordan desse er med på å påverke samfunnet.

Kjerneelementa i Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon rammar inn det mest betydningsfulle innhaldet i faget og beskriver det elevane må lære for å kunne meistre og bruke faget.

Kjerneelementet etikk, lovverk og yrkesutøving handlar om å reflektere over kordan lovverk og etiske spørsmål påverkar yrkesutøvinga. Forståing for kommunikasjon, personvern og bruk av teknologi, og kordan desse har konsekvensar for samfunnet og individet, er sentralt i Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Kjerneelementet handlar og om sjølvstende, gode samarbeidsevner, relasjonsbygging og forståing for yrkesutøvinga.

Kjerneelementet teknologi og metode handlar om forståing for kordan ulike teknologiar og metodar er bygd opp, kordan dei verkar og kva mogelegheiter dei gjev. Kjerneelementet handler og om å utvikle praktiske ferdigheiter knytt til bruk av teknologi og metode. Dette omfattar forståing for val, bruk og utvikling av teknologi og metode.

Kjerneelementet kommunikasjon og historieforteljing handlar om å skape meining, forstå og bli forstått. Forståing for relasjonar, mellommenneskeleg kommunikasjon og historieforteljing er sentralt i Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Kjerneelementet inneber kompetanse i kommunikasjon som er tilpassa kunden, brukaren, målgruppa, kanalen og teknologien.

Kjerneelementet design og kreativitet handlar om nysgjerrigheit og skaparglede. Forståing for utviklingsprosessar, funksjon og tekniske løysingar og praktiske ferdigheiter er sentrale i Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Kjerneelementet handlar og om å utvikle gode brukaropplevingar og god infrastruktur.

I Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om kordan media kan påverke våre meiningar, kordan vi oppfattar andre og kordan andre oppfattar oss. Det handlar og om å gi elevane eit verktøy til å uttrykke meiningar, idear og omsorg i dialog med andre. Programfaga skal bidra til å utvikle ei etisk medvit om og forståing for at teknologi og tryggleik kan påverke opne og demokratiske prosessar.

Frå Vg2 IT kan elevane velgje mellom IT-drift og IT-utvikling.

IT-drift vil leggje grunnlaget for yrkesutøving innan drift, brukar- og driftsstøtte, tryggleik og forbetring av IT-tenester.

IT-utvikling skal bidra til å utvikle forståing av arbeidsmetodane som brukast i utvikling av tenestesystem og bidra til kunnskap om kordan datasystem designes, utviklast og fungerer.

Frå Vg2 Medieproduksjon kan elevene velgje mellom tre nye lærefag; medieproduksjon, mediedesign og medieteknikk.

I Medieproduksjonsfaget lærer lærlingen å planlegge, produsere og evaluere innhaldsproduksjon til ulike publiseringsplattformer ved bruk av mellom anna tekst, lyd og bilde.

Medieteknikkfaget er ei vidareutvikling av Film- og videoteknikkfaget. I dette faget lærer ein mellom anna å planlegge, etterbehandle, ferdigstille, presentere og kvalitetssikre fotografisk materiale, lyd og bildeprodukt.

I mediedesign utviklar ein estetisk kompetanse i design, produksjon og val av visuelle verkemiddel, både analogt og digitalt.

I Vg3 er det føreslege fem nye lærefag.