Utsikt frå dagsturhytta i Høyanger

(Foto: Høyanger kommune)

Høyanger: Synkenhytta

Dagstuhytta i Høyanger kommune heiter Synkenhytta og ligg på Høyangerfjellet. Hytta har varme og sanitæranlegg. Hytta har universell tilkomst, og vil etterkvart få rampe inn til sjølve hytta. 

Tilkomst og parkering

Vinter og sommar: parkeringsplass ved Siplo.

Sommar: på «Flyplassen» ved Bergsvatn og ved sjølve Synkenhytta (avgrensa plassar der).

Stien til hytta

Køyrbar grusveg langs Bergsvatn (regulert vatn) inn til Synken der hytta ligg, lett terreng å gå i. Her er det universell tilkomst. Det er mogleg å bygge på turen ved å gå via Toppenhytta og følgje sti derifrå og ned til Synken (relativt lang tur, men i fint terreng, nokre få område med litt bratte parti).

Trakka skiløype om vinteren som følgjer grusvegen. Lett skiterreng, men litt stigning heilt i begynnelsen av turen.

Padling

Fin padletur frå parkeringsplass til hytta dersom fulle magasin i vatna (regulerte vatn). 

Det ligger to Hasle-kanoar til utlån ved vatnet. Utstyr som årar og vestar ligg på hytta. Gratis utlån.

Avstandar

Om vinteren er det om lag 7 km trakka løype frå parkeringsplass ved Siplo og inn til hytta.

Frå «Flyplassen» er det om lag 5 km å gå langs grusveg (kortaste rute).

Kontaktinformasjon 

Grete Bjørnsen Ulvestad, Høyanger kommune. 

E-post: Grete.Bjornsen.Ulvestad@hoyanger.kommune.no

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut