Bilete frå utdelinga av prisen for beste ungdomsbedrift i fylket under Ungt entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018
Bilete frå utdelinga av prisen for beste ungdomsbedrift i fylket under Ungt entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018

Frå venstre: Marthe Skjerven, Hanne Heimlid, Wiktoria Borowiec, Marianne Lerum, Maren Jevnaker Asperheim, Hedda Klingenberg og Åsfrid Moen. Foto: Mariel Hov Molland

Her er dei beste ungdoms- og elevbedriftene i fylket

EarthCase UB frå Årdal vgs vart kåra til beste ungdomsbedrift i fylket under Ungt Entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018.

– Kanskje kan ein seie at denne messa er ein kikk inn i krystallkula, for eg er heilt sikker på at vi vil sjå mange av ungdommane her i åra som kjem, sa fylksordførar Jenny Følling då ho opna Ungt Entreprenørskapsforum i Førdehuset torsdag 15. mars.

Jenny Følling med ungdomsbedrift på Ungt entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018240 elevar deltok på messa, i tillegg til 40 lærarar og 30 jurymedlemer frå heile fylket. 40 ungdoms- og elevbedrifter samt Reodorklubben i Førde stilte med stands.

– Unge entreprenørar gjer ein skilnad, og ser moglegheiter der andre ser problem. Ungdomsbedrifter og unge entreprenørar er viktige for arbeidsplassane som skal etablerast i framtida, så dette er ei rein investering for framtida, sa fylkesordføraren.

På biletet vitjar Følling standen til Rosa omsorg EB, som vann prisen for beste lokalsamfunnprosjekt (Foto: Kristin Rundsveen).

Berekraft i fokus

Nytt av året var utdelinga av berekraftprisen i samarbeid med Storebrand. Storebrand-konsernet kom inn som ein ny samarbeidspartner for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane hausten 2017. Storebrand har engasjert seg i arbeidet med berekraft i ungdomsbedrift. Saman med Oslo og Rogaland er Sogn og Fjordane peikt ut som pilotfylke på dette området.

Nesten halvparten av bedriftene i vidaregåande skule tevla om berekraftprisen.

– Det er flott, og utruleg viktig at de unge har bærekraftfokus. Det er jo de som skal leva i framtida, sa Jenny Følling i sin tale.

Prisvinnarar

EarthCase UB frå Årdal vidaregåande skule vart kåra til beste ungdomsbedrift i fylket. Berekraftprisen gjekk til GreenPlastic UB frå Flora vgs. Halbreid Røykeri EB frå Halbrend skule vann prisen for beste elevbedrift.

EarthCase UB reiser til NM for ungdomsbedrifter 26.–27. april saman med GreenPlastic UB og NAPO UB, begge frå Flora vgs. Alle bedriftene som reiser til NM har ein tydeleg profil innan berekraft.

Resten av prisvinnarane kan du lese om på nettsida til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Bilete frå utdelinga av berekraftprisen under Ungt entreprenørskapsforum Sogn og Fjordane 2018
Storebrands berekraftpris gjekk til Greenplastic UB ved Flora vgs: Viljar Ødelien, Njål Eliasson, Martin Ulstein, Elise Refvik, Ingeborg Vik, Johanne Grønnevik, Ingalill Stang, Natilie Mork, Annelin Værøy, Lone Stang. Foto: Steffen Heggen Starheim

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00