Helsing ved opninga av fv. 60 Ugla–Skarstein 1. mars 2018

Ordførar, bygdefolk, næringsliv og alle frammøtte. Gratulerer med dagen. Hjarteleg velkomne til vegopning her i Olden.

Dagen i dag er eit festdag, og vi kan endeleg feire at vegarbeidet mellom Olden og Innvik er fullført. Med dette set vi det endelege punktum for at denne strekninga på fylkesveg 60 er utbetra. Vi kan ta i bruk den nye flott vegen, og plaketten med den tvilsame prisen «Noregs verste veg» kan i dag takast ned. Vegen har vore bygd ut etappevis, og denne høgtidlege opninga markerer at vi opnar heile strekninga frå Lasen til Skarstein, ikkje berre den siste parsellen Ugla–Skarstein. Eg med mange andre syns dette har tatt lang tid, men i dag er vi i mål. I dag er det grunn til å feire!

Fylkeskommunen har totalt investert kr. 612,3 millionar kroner  på strekninga Olden–Innvik i perioden 2010–2018, og eg syns resultatet har vorte svært godt.

Den gamle vegen var smal, kronglete og rasfarleg, og eg håpar at bygdefolk og næringslivet og alle som brukar vegen dagleg er godt fornøgde med den oppgraderte og trygge vegen. Og ikkje minst har turistane som ferdast her sommarsdagen, fått ein super veg. Det har mang ein gong vore kritisk for campingvogner, turistbussar og lastebilar å finne plass til å passere kvarandre på den smale vegen. No er dette historie. Dei vil møte ein heilt annan trafikksituasjon med god framkomst for folk, varer og tenester heile året.

Eg er sikker på at dei som budde her i 1930-åra tykte det var stas då Singervegen vart opna i 1936. Også den gongen vart vegen mellom Stryn og Utvik bygd ut etappevis. Den første løyvinga i fylkestinget kom i 1897, men parsellen vart først fullført i 1936 - nesten 40 år etter. Det tok lang tid – vegbygging og politikk var ikkje enkelt før heller.

Då gamlevegen opna i 1936, var det kanskje enda meir pomp og prakt enn vi kan spore her i dag. For då var sjølvaste kongen til stades. Kong Haakon den 7. deltok nemleg under vegopninga saman med kunstnaren William H. Singer, som privatfinansierte halvparten av vegen mellom Olden og Innvik saman med kona Anna Spencer Brugh, til ein kostnad på 450 000. Og sjølv om ikkje verken kroneverdi eller standard kan samanliknast, så er det ingen tvil om at det kostar å bygge veg, både før og no.

Fylkeskommunen skal ha ei stor satsing på vegbygging i Stryn framover. I dag er fylkesveg 60 Ugla-Skarstein fullført. Dei to neste store prosjekta er rassikring av Flovegen og ny tunnel ved Blakset. Her skal vi bruke om lag 870 mill. kr dei neste åra.

Vi bur i eit fylke med krevjande geografi, og er eit stort vegfylke. Fylkeskommunen har ansvaret for over 2600 km med fylkesveg, som utgjer nesten 80 prosent av det totale vegnettet i Sogn og Fjordane. Strekninga som vi har rusta opp her mellom Olden–Innvik er om lag fem kilometer og har kosta over ein halv milliard. Det er mykje som står att i fylket, og det er mange stader det er skrikande behov for opprusting og nyinvesteringar. Difor er det ekstra stas med slike dagar som i dag her i Stryn, der vi kan krysse ut denne parsellen på lista, og opne den nye fine vegen og sjå dette flotte resultatet. Det er ein solskinsdag!

Det er mange som har engasjert seg lokalt for å få utbetra Olden–Innvik. Både fylkespolitikarar, lokalpolitikarar, grendelag og lokalpersonar har stått på i årevis. Eg kan ikkje vere her i dag utan å nemne Johanna Nygjerd, som var fylkespolitikar då eg starta i fylkestinget. Eg trur ho snakka om vegen mellom Olden-Innvik mest i kvart innlegg ho hadde frå fylkestinget sin talarstol. Det har gjort eit usletteleg inntrykk på meg. Det gjev resultat å vera uthalden, og vi alle gleder oss saman med Stryn i dag – når vi kan ta i bruk ein splitter ny fin og staseleg veg, der behovet for opprusting har vore så stort.

Eg vil takke alle som har engasjert seg for å få opprusta denne viktige vegen, takk til Statens vegvesen for god prosjektleiing, Kruse Smith Entreprenør AS som har hatt hovudentreprisen for veg og tunnel, deira underentreprenør Volda maskin, og Traftec AS som har hatt ansvaret for elektroarbeidet. De har alle gjort ein god jobb, og gir oss ein ferdig veg i god tid før fristen, og med høg kvalitet.

Det er på sin plass med både kvitskjorte og bunad på ein dag som denne. I dag kan vi verkeleg sjå det er lys i både ein og fleire tunnelar! Gratulerer med dagen!