Helsesamtale for menn i Førde

Som ledd i folkehelsearbeidet har Førde kommune gjennomført sin første helsesamtale for menn mellom 35 og 55 år.

Helsesamtalen er eit tilbod først og fremt til menn fordi dei ikkje er like lette å nå som kvinner når det gjeld samtalar om livsstilsendring. Føremålet er å motivere folk generelt, og menn spesielt, til ein sunnare livsstil gjennom fysisk aktivitet, sunt kosthald og tilbod om røykeslutt. Kommunen vil ikkje berre vise til dei organiserte tilboda som finns i kommunen, men også kunne føreslå aktivitet/innsats som deltakarane kan utføre på eiga hand. Det vart også gitt tilbod om blodtrykksmåling.

Helsesamtalen fann stad på Servicetorget i regi av Førde kommune som hadde invitert med andre aktørar, m.a. var Gjensidige, Sparebanken Sogn og Fjordane, Nasjonalforeningen for folkehelse og Apotek1 tilstades.

Folkehelsekoordinator Doris Rutledal er svært fornøgd med oppslutnaden etter at nærare 20 menn tok turen innom. Folkehelsekoordinatoren ønskjer å gjere helsedag for menn til ein tradisjon i Førde på den internasjonale mannedagen som er 7. oktober. Elles er det planlagt fleire helsedagar med ulike tema gjennom året lagt til Servicetorget.

Del dette:

Relaterte lenker