Havila AS orienterte fylkesutvalet om mogleg kjøp av Fjord1-aksjar

Fredag 20. mai orienterte dagleg leiar Per Sævik og rådgjevar Lars Pamer frå Havila AS fylkesutvalet om mogleg kjøp av Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost i Fjord1 Nordvestlandske AS. Møtet fann stad på Fylkeshuset i Leikanger.

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde invitert Havila for å bli orientert om selskapet og planane dei har i tilknyting til eventuell overtaking av Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjeposten på 41 prosent. Dette var eit reint orienteringsmøte, der politikarane fekk sjansen til å stille spørsmål til representantane frå Havila.

For meir informasjon, ta kontakt med

Nils R. Sandal
Fylkesordførar
Telefon: 915 52 219
E-post: nils.r.sandal@sfj.no

Jan Øhlckers
Fylkesrådmann
Telefon: 415 30 963
E-post: jan.ohlckers@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker