Haugen Gardsmat as blir tildelt Bygdeutviklingsprisen 2014

Haugen Gardsmat as blir tildelt Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2014 i Sogn og Fjordane

Med base på garden i Flåm og god marknadsinnsikt, har dei utvikla ei lønsam og flott foredlingsbedrift som gjev arbeid og inntekt både til eigarar og tilsette. Kjerneverksemda er kjøttforedling med basis i råvarer av sau og lam frå Aurland, tamrein, svin og hjort. Bedrifta er eigd og blir drive av Odd Lothe Ohnstad og Kristine Grønner Ohnstad som eig kvar sin halvpart og med Odd som dagleg leiar. Bedrifta vart etablert som enkeltmansføretak med eigne produksjonslokale i 2002, men omorganisert til aksjeselskap i 2006. Produksjonen vart utvida gjennom leige av nye lokale i 2009.

Eit tett samarbeid med primærprodusentar gjev tilgang til råvarer av høg kvalitet og kjent opphav/identitet. Dette gjer dei i stand til å levere kjøttvarer med ei historie om kvalitet og dyrevelferd, som blir formidla gjennom matopplevinga til sluttbrukaren både m.o.t. produktet, beiteområde, bonden og tamreinlag. Tilgang på hjortekjøtt gjennom samarbeid med lokale jegerar og andre kjøttbedrifter. Dei samarbeider med TINE om distribusjon.

Haugen Gardsmat as er ei kjøttforedlingsbedrift som skil seg ut på ein positiv måte og kan dei siste åra vise til vekst i både omsetning og lønsemd. Dette har dei greidd gjennom hardt og målretta arbeid ved å halde på og vidareutvikle relasjonar til eksisterande kundar, men bedrifta sitt nettverk og positive omdømme bidreg til at det også kjem til nye kundar. Bedrifta har spesielt lukkast i kundesegmenta hotell-og restaurant og har mange privatkundar på marknader i fliere større byar.

Haugen Gardsmat as har vore ei pionerbedrift der eigarane ikkje berre har vore opptekne av eiga utvikling, men også engasjert seg i etablering av nettverk og arenaer som er til nytte for heile bransjen. Dette gjeld både i Aurland (ANKA), i fylket (Bondens Marknad) og på landsplan (Norsk Bygdeturisme og Gardsmat).

Dei var dessutan med og starta opp butikken Sesong i Kjøttbasaren i Bergen, med lokalmat som hovudfokus. No er dei inne i Bondens Butikk i Mathallen i Oslo.

Haugen Gardsmat har konkrete planer om å vidareutvikle bedrifta. Dette omfattar utvikling i produksjonen og arbeidet med å utvikle kundegrunnlaget. Eit spennande delprosjekt blir å utvikle samarbeidet reiselivsbedrifter både i og utanfor fylket og daglegvarehandelen.

Avgjerda i juryen var samrøystes. Prisen er på kr. 50.000 og blir utdelt av juryleiar og styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane Jenny Følling under opninga av Fylkestinget i Loen, tysdag 14. oktober. Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Haugen Gardsmat as vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale BU-pris, der det vert plukka ut ein vinnar som får kr. 250.000,-

Kontaktpersonar:

  • Odd Lothe Ohnstad, mob: 915 39 026
  • Innovasjon Norge Sogn og Fjordane: Halvor Flatland, mob: 957 81 493
  • Juryleiar og leiar i styret for Innovasjon Norge Sogn og Fjordane: Jenny Følling, mob: 479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568