Kart over området der det vart gjort arkeologiske undersøkingar ved Blåskavlen i Aurland.
Kart over området der det vart gjort arkeologiske undersøkingar ved Blåskavlen i Aurland.

Kart over området vi gjekk ved Blåskavlen. Nokre av fangstanlegga er inne i kulturminnebassen, men slett ikkje alle.

Har funne flotte fangstanlegg i Aurlandsfjella

I haust dokumenterte arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen og Sogn og Fjordane fylkeskommune fleire førhistoriske fangstminne i område kring Blåskavlen Aurlandsfjellet.

Fangstanlegga var kjende frå før, men dei låg ikkje inne i kulturminnedatabasen Askeladden. Derfor ønskte vi å få ei betre oversikt over tettleiken og omfanget til fangsminna. Vêrgudane var med oss desse dagane.

Med mildare klima har vi sett at snøfonnene har vorte betydeleg mindre og at fonnefunn har dukka opp. Fonnefunn er gjenstandar frå førhistorisk jakt på snøfonner, som til dømes skremmepinnar, pilar, ski og truger som ligg bevart  inne i snøfonnene. Når snøfonnene no smeltar, kjem gjenstandane fram.


Foto av personar som dokumenterer fangstanlegg på Aurlandsfjellet.
Dokumentasjon av fangstanlegget på Helleberg.

Helleberget – eit unikt fangstanlegg i Sogn og Fjordane

Det største fangstanlegget vi såg på denne turen låg på Hellebert ca. 1500 meter over havet. Det strekkjer seg i eit 400 meter samanhengande ledegjerde. I ledegjerdet ligg det gruppevise dyregraver, i alt 20 stk. Dyregravene er opp til 1,5 meter djupe og veldig fint oppmura.


Foto av person som studerer ei fangstgrav på Aurlandsfjellet
Arkeolog Glenn Heine Orkelbog kikkar ned i ei fangstgrav. Votni i bakgrunnen.

Anlegget ved Helleberget er det lengste, kjende samanhengande ledegjerdet vi kjenner til i fylket vårt. Så høgt oppe på fjellet, der sommaren er kort, skjønar vi at dette har kravd enorme ressursar. Sannsynlegvis har anlegget vorte til gjennom fleire hundre år, kanskje tusen år.

I tillegg til fangstanlegget ved Helleberget, vart det registrert fleire nye fangstanlegg av ulik storleik og type som vi ikkje har kjend til frå før.


Flyfoto av ledegjerde og dyregraver på Helleberg i Aurland kommune.

Ein stein, ein pinne og ei blykule

Funnet av eit stykke lærdalskvartsitt ved varden på Helleberget gjev den eldste dateringa på fangst i området. Stykket er ei «kjerne» frå steinalderen som vart nytta som emne for å lage knivar, pil og spydspissar. Funnet syner at reinsfangst var attraktivt på Helleberget allereie for 7000 år sidan.

I samband med turen, fann vi òg ein tilhogd pinne ved ei av snøfonnene i nærleiken. Kanskje var pinnen ein skremmepinne som vart sett ut på fonna for å drive reinsdyra i retning av bogestillingane på toppen? Pinnen er C14 datert til 1160–1264 e.Kr, som svarar til mellomalderen.


Foto av trepinne funne ved snøfonn på Aurlandsfjellet under arkeologiske undersøkingar. Datering til 1160-1264 e.Kr.
Trepinne funne ved eine snøfonna. Pinnen er datert til 1160-1264 e.Kr.

På toppen av same fonn fann vi ei blykule frå eit munnladingsgevær. Det er eit moderne innslag som markerer ei endring i bruken av fangstanlegga. Etter kvart som skytevåpen vart tilgjengelege, gjekk fangstanlegga ut av bruk.

Dei tre gjenstandsfunna syner at jakt og fangst av reinsdyr på Aurlandsfjellet har ein imponerande tidskontinuitet på om lag 7000 år.

I vinter kjem vi til å legge inn fangstanlegga ved Blåskavlen i Askeladden. Vi håpar vi får høve til å ta fleire slike turar i høgfjella i åra som kjem.


Foto av Karoline Hareide Breivik og Glenn Heine Orkelbog som betraktar fangstanlegget ved Helleberg.
Arkeologane Karoline Hareide Breivik og Glenn Heine Orkelbog betraktar fangstanlegget ved Helleberg.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00