Bilete som syner ein elev eller lærling som skrur ledningar medan han ser i kameraet og smiler. Foto: WorldSkills Norway
Bilete som syner ein elev eller lærling som skrur ledningar medan han ser i kameraet og smiler. Foto: WorldSkills Norway

Foto: WorldSkills Norway

Handsamar opplæringstilbodet

Hovudutval for opplæring handsamar 22. november opplæringstilbodet for neste skuleår.

Fylkesdirektøren for opplæring har no lagt fram sitt framlegg til opplæringstilbod for skuleåret 2017–18. Hovudutvalet bestemmer korleis det endelege tilbodet skal sjå ut i møtet 22. november.

Tilbodet vert lyst ut med søknadsfrist 1. februar for søkjarar med fortrinnsrett og søkjarar som kan ha rett til spesialundervisning. For andre søkjarar er fristen 1. mars.

Fagopplæringsnemnda har tidlegare vurdert og kome med ein grundig uttale om opplæringstilbodet for 2017–18.

Saksliste for møtet i hovudutval for opplæring 22. november.

Møtet vert på Fylkeshuset på Leikanger.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00