mxxd 4cs 4fa

Jan-Erik Røneid

Prioriterte tiltak

Handlingsprogram 2018-2019

Handlingsprogrammet inneheld 37 prioriterte tiltak, der ansvar og initiativtakar er presisert. I vedlegget vil ein kunne finne andre relavante tiltak til kommunane, tenkt som ein idèbank til kommunane i deira lokale klimaarbeid. 

Tiltaka er direkte kopla til resultatmåla i Regional plan for klimaomstilling 2018-2021, samt det overordna målet om å «saman få til klimaomstilling i Sogn og Fjordane».   I tabellen under er det ei tematisk oversikt over dei ulike tiltak i handlingsprogrammet.

Oversikt over tiltak i handlingsprogram - klima

Kvifor står ikkje all viktig innsats på tiltakslista?

Det gode klimaarbeidet som aktørane i fylket allereie gjer i dag, med eksisterande rutinar, aktivitet og prosjekt, men som ikkje er inkludert i handlingsprogrammet er sjølvsagt viktig å vidareføre. Dette gjeld også relevante tiltak i andre regionale planar som ikkje er oppført i dette handlingsprogrammet.

Handlingsprogrammet inneheld dei tiltaka som er prioriterte for gjeldande handlingsplanperiode. Nokre av tiltaka gjeld konkret korleis fylkeskommunen skal klimaomstille eiga verksemd, og fleire av tiltaka set føringar for bruk av klimabudsjettet i fylkeskommunen.

Handlingsprogrammet der difor ikkje ei fullstendig liste over tiltak og aktivitet i fylket.

I kapittel 3 kan ein lese meir om oppfølging av Regional plan for klimaomstilling. Oppfølging over fleire plan periodar skal sikre at fylket har ein samla oversikt over gjennomførte og igangsette klimatiltak dokumentert over tid.

Kven er tiltaka relevante for?

For kvart tiltak er det skrive kven som har ansvar for gjennomføring. Samstundes er tiltaka utforma slik at dei er relevante også for andre aktørar, og tiltaka gir ein god peikepinn på korleis også andre aktørar kan, eller bør jobbe med klimaomstilling. Når kommunane innarbeider klima i kommuneplanar eller i kommunedelplanar, bør dei ta utgangspunkt i måla og tiltaka i Regional plan for klimaomstilling og tilpasse desse til sin kontekst. Det same gjeld for andre aktørar i regionen ved utarbeiding av eigne klimaplanar.

I Regional plan for klimaomstilling er det ingen prioriterte tiltak som kommunane er ansvarleg for. Som vedlegg følgjer ei liste over tiltak som er retta spesifikt mot kommunal verksemd og kan vere relevante for kommunane. Tiltaka er ikkje å rekne som ei prioritert liste. Tiltaka er vidareført frå Fylkesdelplan for klima og miljø 2009 og handlingsprogram 2016-2017. Kommunane kan nytte denne liste som ein idébank i sitt arbeid.

Kostnad og finansiering

Klimabudsjettet i fylkeskommunen vert fastsett årleg i fylkestinget i desember. Klimabudsjettet kan disponerast til tiltak knytt til mål i Regional plan for klimaomstilling. Kostnad og finansiering ført opp under dei ulike tiltaka i handlingsprogrammet er førebels per no.

Vidare er fleire tiltak knytt til fylkeskommunen sine ordinære arbeidsoppgåver. Desse vert finansiert frå andre budsjettpostar.

Regional plan for klimaomstilling 2018-2018 - Handlingsprogram

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557