Hamner

Den norske hamnestrukturen for handtering av gods består i dag av eit nettverk av 32 stamnetthamner, der ein eller fleire terminalar er knytt til stamnettet. 

Resten av hamnene er lokale hamner, fiskerihamner, fritidsbåthamner og liknande og har som oppgåve å betene lokalsamfunnet. Kystverket forvaltar per 2018 om lag 600 statlege fiskerihamner. Den nasjonale hamnestrukturen legger føringar for statleg engasjement og framtidige statlege investeringar i det nasjonale godstransportsystemet. Som ein del av oppgåveoverføringa i samband med Regionreforma skal fiskerihamnene overførast til dei nye fylkeskommunene frå 1.januar 2020. Per utgangen av 2018 er Kystverket i gong med ein prosess der ein skal avhende statlege fiskerihamner som ikkje lenger er i bruk som fiskerihamner. I Sogn og Fjordane er 15 slike hamner klare for avhending/sal. 

Stamnetthamnene skal ha god vegtilknyting samt sikre og effektive farleier. Infrastrukturen rundt større terminaler er viktig for å få gods distribuert på ein effektiv måte. I Nasjonal transportplan 2014 – 2023 vart det definert 32 stamnetthamner, der god landverts tilknyting er viktig for 25 av stamnetthamnene. Dei resterande sju hamnene er sjø-sjøbaserte terminaler. Desse hamnene er knytt opp til stamleia, som går langs kysten frå Svinesund til grensa mot Russland.

I Nasjonal havnestrategi frå januar 2015 legg regjeringa strategien for utvikling av effektive hamner for å få meir gods på sjø. Det er eit mål at meir gods skal transporterast på sjø. Stortinget ba i eit anmodningsvedtak 30.mai 2016 regjeringa om å legge fram ein nærskipsfartsstrategi med tiltak for å styrkje nærskipsfarta sine rammevilkår. Nasjonal transportplan 2018 - 2029 seier at regjeringa skal følgje opp dette, og arbeidet med denne strategien vart starta i 2018. I nærskipsstrategien vil regjeringa presentere nasjonal hamneplan samt vise heilskapen i politikken mot nærskipsfartssegmentet, jf. mellom anna arbeidsgruppa for grøn skipsfart. 

Hamnestrukturen har vore delt opp i kategoriane; Utpeikte hamner, stamnetthamner, andre trafikkhamner og fiskerihamner.  

Den nasjonale hamnestrategien legg opp til følgjande strategiar for hamnestrukturen:

  • Forenkla hamnestruktur. Eksisterande hamnestruktur er komplisert og lite tenleg. Ved å forenkle dette systemet kan det i langt større grad enn i dag arbeidast med å utvikle effektive, intermodale knutepunkt. Det vil bli vurdert å overføre forvaltningsansvaret for fiskerihamner til kommunane. Det vil også bli vurdert å avvikle systemet med utpeikte hamner.

  • Utvikling av effektive, intermodale knutepunkt gjennom styrking av regimet med stamnetthamner. Utvikling av intermodale knutepunkt er eit sentralt verkemiddel for å styrke konkurranseevna til sjøtransporten. Regimet med stamnetthaner skal difor styrkast og forbetrast.

Legge til rette for sterkare og meir robuste hamner. Hamnesamarbeid kan medverke til at konkurranseevna til sjøtransporten kan styrkast gjennom auka transportkvalitet og/eller redusert pris. Regjeringa ønskjer at det vert utvikla rasjonelle samarbeidsløysingar mellom hamner som kan legge grunnlag for heilskaplege og konkurransedyktige transport- og logistikk-konsept i ein større regional/nasjonal/internasjonal samanheng. 

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00