Halverer bruken av uønska deltid

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil halvera bruken av uønska deltid innan utgangen av 2012. Tiltaket vil vera særleg aktuelt for kvinnelege tilsette innan undervisning og reinhald.

Redusert bruk av uønska deltid er eitt av tiltaka som vert føreslege i den nye Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald for perioden 2009 – 2012. Fylkestinget legg opp til eit høgt ambisjonsnivå på området, og føreset at relevante tiltak vert prioritert i budsjettarbeidet.

Redusert lønsskilnad

Reduksjon av deltidsarbeid har vist seg å vera eit tiltak som gjev resultat i arbeidet med å redusera lønsskilnaden mellom kjønna. Tredelen av dei tilsette i fylkeskommunen arbeidar deltid. Bedriftsinterne undersøkingar viser at eit 100-tals personar kan tenkja seg å arbeida meir enn i dag. Storparten av desse er kvinner.

Samanslåing av deltidsstillingar er eit tiltak som aleine vil kunna bidra til å redusera bruken av uønska deltid med 20 prosent. Tilbod om kompetanseheving, kombinert med andre organisatoriske endringar, skal sørga for at fylkestinget si ambisiøse målstjing vert nådd.

Spegla befolkninga

Likestillingsarbeidet har dei seinare åra vorte utvida til å omfatta likeverd, auka kulturelt mangfald, eit meir inkluderande arbeidsliv og universell utforming.

Handlingsplanen er tydeleg på at den fylkeskommunane arbeidsstyrken skal spegla mangfaldet mellom innbyggjarane i fylket, og at dette er avgjerande for kvaliteten på tenesteyting og plan- og utviklingsarbeid.

Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald.

Fylkestinget sitt vedtak.

Del dette:

Relaterte lenker