Hallelujastemning blant rekordmange gjester og stands

Årets karrieremesser enda med ein all-time-high i Grieghallen i Bergen tysdag. 550 gjester og 53 stands frå privat næringsliv og offentlege aktørar representerer ein stor auke i deltakartalet, skriv Framtidsfylket i ei pressemelding.

– No er vi i hallelujastemning her, både utstillarane og dei besøkande. Kva meir kan vi ønskje oss? Dette viser at vi er på rett veg, seier dagleg leiar i Framtidsfylket AS, Anne van Oorschot i det den siste av årets messer går mot slutten.

Det er fjerde år på rad at Framtidsfylket inviterer arbeidsgjevarar og regionar i Sogn og Fjordane med på turné for å vise seg fram for studentar og arbeidstakarar i Oslo, Trondheim og Bergen. Framtidsfylket er eit initiativ frå næringslivet i Sogn og Fjordane, som har lyst å gjere aktive grep for å setje seg sjølv på kartet som ein stad der du kan gjøre ein spennande karriere. Målsetjinga med messene er å vere ein møteplass for næringslivet og potensielle arbeidstakarar, og å vise frem dei spennande jobbane og kva som elles rører seg i Sogn og Fjordane. På messene vert det servert tapas frå Sogn og Fjordane, og innimellom minglinga var det også eit talkshow med humor og alvor.

I år var talet på stands auka med 30 % og talet på gjester auka med 25 %. Til saman besøkte nesten 950 menneske messene. Dei besøkande er først og fremst unge vaksne. Mange er studentar, og andre er i fast jobb. Dei fleste har tilknyting til Sogn og Fjordane, og mange seier at dei ønskjer å flytte attende til fylket. Men talet på besøkande utan tilknyting til Sogn og Fjordane aukar årleg.

– Messene er omdømmebygging for Sogn og Fjordane i praksis. Skal vi få folk til å flytte må dei ha ein jobb å gå til, og på denne måten gjer vi at dei opnar augene for kva som finst av spennande jobbar og høve til å etablere seg i fylket vårt, seier van Oorschot.

Lerum ser to klare fordelar

Viseadministrerande direktør i saft-, jus- og syltetøyprodusenten Lerum i Indre Sogn, Jan Petter Vadheim, ser to klare fordelar ved å ha stand på messene:

– For vår del gjev karrieremessene til Framtidsfylket oss høve til å vise fram kva høve studentane har til å få jobb hos Lerum. Vi får presentert mangfaldet i stillingane våre. Fleire er ikkje klar over at vi har svært mange spennande stillingar, faktisk så mykje som halvparten, som ikkje er knytt direkte til produksjonen. Dette overraskar ofte studentane. Vi er på leit etter framtidige kandidatar til administrasjon, forsking og utvikling, innkjøp, sal- og marknadsføring, og mykje anna, seier Vadheim.

– I tillegg får vi nytta messene til å drive god merkevarebygging, og deler ut produkta våre. For oss er også dette ein viktig del av messene.

Fekk jobbsøknader umiddelbart

– Vi har berre positive erfaringar, og deltok på alle tre karrieremessene, i Trondheim, Oslo og Bergen. Alt då vi kom heim etter første messa låg det flere epostar med CV’ar i innboksen , seier Anne Kari Husevåg Hereid. Ho er leiar for Stab ved Saga Fjordbase AS i Florø, og representerer heile INC-gruppen på karrieremessene. INC-gruppen omfattar 18 verksemder med 357 tilsette og ei omsetning på 700 millionar kroner. Hovedmarknaden er leveransar til oljeindustrien. Dei som har teke kontakt er både kandidatar som ønskjer å bli vurderte i forhold til ledige stillinger og framtidige jobbar, samt de som er på jakt etter sommarjobb, seier Husevåg Hereid.

– Verksemdene våre har hatt stor nytte av å delta på karriemessene i alle år, der vi kjem i dialog med studentane, og får fortalt kva vi driv med. Så langt har ingeniørar vore vanskelegast for oss å få tak i, men på messene får vi vist fram mulighetene som er og ulike kompetansebehov som er i INC-gruppa. Det optimale er at vi klarer å finne løsninger for par som vil flytte til vårt område. Då er det viktig at begge har høve til å få ein jobb dei trivast med, seier ho.

– Ramma rundt karrieremessene er eineståande bra. Alt er lagt til rette for å vere best mogleg for alle partar, ingenting manglar og alt går som det skal. Det er flott ungdom vi møter og for vår del har vi fått marknadsført oss godt både overfor studentar med tilknyting til Sogn og Fjordane, men også andre. Vi får sett Florø og Fjordbase meir på kartet, og har generelt hatt stor nytte av messene.

Husevåg Hereid trur fleire og fleire av deira arbeidstakarar kan bli rekruttert som direkte følgje av messene. Ho seier ho opplever at det er stadig fleire studentar som deltek på karrieremessene, og fleire kjem att år etter år og er dermed i ferd med å knyte band til bedriftene.

– Vi trur at karrieremessene på sikt vil gje resultat innan rekruttering.

Viktig møteplass for næringslivet

Dagleg leiar Aud Ingrid Espeland i Fjord Invest fortel at det for det første er veldig kjekt å delta på messene, og å treffe mange blide og flotte menneske.

– I ein slik samanheng er det fint å få vise fram kva næringsliv vi har i Sogn og Fjordane. Selskapet vårt representerer ein ny bransje i Sogn og Fjordane, og det er viktig å vise at vi også har gode kompetansearbeidsplassar innan private equity. For vår del traff vi flest interesserte i Oslo og Bergen, der det er flest studentar innan faga finans/økonomi , seier Espeland. Fjord Invest er eit investeringsmiljø i Førde som gjer aktive investeringar i såkorn- og vekstselskap på heile Sør-Vestlandet.

Men Espeland framhevar at karrieremessene også er ein viktig møteplass for næringslivet frå heile Sogn og Fjordane, der dei får høve til å bli kjende med andre bedrifter i fylket.

– Raskt oppsummert, så har eg udelt positive erfaringar med messene, og vi kjem til å bli med på fleire seinare år. Vi annonserer i disse dagar etter ein medarbeidar, men i denne omgang etter ein senior med leiar- og styreerfaring. Vi er ikkje ei bedrift som typisk tilbyr sommarjobbar. Men etter å ha delteke på messene ser vi at vi kanskje kan setje ihop prosjekt som vi kan tilby studentar å arbeide med om sommaren, alt frå å analysere ein bransje vi ønskjer å sjå nærare på, til å analysere rekneskapen i ei bedrift. Dette kan vere nyttig, både for oss og studentane.

Elis har rekruttert direkte frå messene

Sals- og marknadssjef Stian Madsen i Elis seier han er veldig nøgd med årets karriermesser i Trondheim, Oslo og Bergen. Elis er eit av Norges leiande IT-selskap innan utvikling av CRM- og prosessystem til energibransjen, og har tilsette åtte nye medarbeidarar hittil i år:

– Det viser seg at messene er eit konsept som har fått eit godt omdømme og har blitt ei god merkevare. Vi ser at det kjem fleire menneske for kvart år, og kvaliteten har blitt betre og betre. I 2010 hadde vi betre messefasilitetar i enn i fjor, og totalt sett er vi i Elis veldig godt nøgde.

– Får de tak i kompetanse som følgje av messene?

– Vi har tidlegare rekruttert medarbeidarar direkte frå messene. Kva det blir til i år veit eg ikkje. Om vi kan tilsetje ein medarbeidar etter desse tre messene er det fantastisk, men det er uansett ikkje slik vi måler om messene har vore vellukka. For oss handlar det vel så mykje om omdømmebygging, og å få vist at vi har eit spennande kompetansemiljø hos Elis i Dale.

Messeveteran er snart klar til å flytte til Sogn

Jusstudent Janne Sørum frå Leikanger besøkte karrieremessa i Bergen for tredje år på rad. Ho seier at messa heilt tydeleg har utvikla seg til det betre for kvart år, både med tanke på sjølve programmet, kor mange som har stand, og kor mange besøkande som kjem.

– Messa er både kjekk og interessant. I mitt tilfelle er Sogn mest aktuell som region å bu og arbeide i, og der er det veldig mange spennande offentlege arbeidsplassar. Dei første åra var ikkje sogningane så flinke å vise fram desse arbeidsplassane, og eg tykte dei hang litt att etter Sunnfjord og Nordfjord. Men i år var dei på plass og presenterte breidda, seier Sørum.

Ho har eitt år att på jusstudiet i Bergen. Sambuaren hennar kjem frå Stavanger. Han er også jurist, og har jobba i Sogn tidlegare. Saman har dei ei dotter på fire år.

– Vi får ei litt anna perspektiv på livet etter å ha budd i storbyen, og ser tydeleg fordelane med å la dottera vår vekse opp i Sogn, seier Sørum.

Andre artiklar om messene:

Bergens Tidende

Firda

Sogn Avis

Del dette:

Relaterte lenker