Haldningar og omdøme i fokus

Leiarar og tillitsvalde i fylkeskommunen har vore på inspirasjonssamling i vakre Balestrand.

Kunstnarbygda Balestrand og Kviknes hotell var vertskap for leiarsamlinga til fylkeskommunen 11. og 12. november. Det er fylkesrådmannen som årleg inviterer leiarar og tillitsvalde til ei inspirasjonssamling.

Målet med desse samlingane er å få faglege innspel, og å hente inspirasjon til korleis fylkeskommunen kan utvikle seg organisatorisk og mellommenneskeleg.

Samlinga i år hadde fokus på effektivisering av arbeidskvardagen med og utan ikt-verktøy og på samanhengen mellom haldningar, handlingar og omdøme. Dette har vore viktige satsingsområde for fylkeskommunen ei tid og vil vere det også framover.

– Sjølv om vi er nokså gode på desse tinga, så må vi stadig utvikle arbeidsmetodane våre så vi også i framtida kan levere gode tenester og tilby utfordrande arbeidsoppgåver, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Sjå programmet for samlinga og klikk deg gjennom presentasjonane.

Fyljande føredragshaldarar bidrog med inspirasjon og faglege innspel:

Anne-Mette Hjelle

Anne-Mette har journalistisk bakgrunn frå Firda Tidend, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane.

Per Abildgaard

Arbeider som lærar ved Haumyrheia skule i Kristiansand. Er i tillegg engasjert som øvingslærar ved Universitetet i Agder.
Fagkrinsen er: Historie, kristendomskunnskap, engelsk, musikk og praktisk, prosjektleiing, pedagogisk utdanning.

Knut Røe

Var i 24 år tilsett i NRK, som reporter, redaksjonssjef og kanalsjef. Har skrive lærebøker i journalistikk og kommunikasjon.
Arbeider med strategiutvikling og kompetansebygging og underviser i journalistikk og kommunikasjon ved universitet og høgskular i Noreg og i utlandet.

Mons Ivar Mjelde

Mons Ivar er utdanna lærar og arbeider i dag på Osterøy ungdomsskule. I tillegg reiser han rundt og deler kunnskap og erfaringar gjennom føredrag.
Var hovudtrenar i Sportsklubben Brann i fem år og trenar for Bryne i 2009.
Toppskårar i eliteserien i 1993 og fått Kniksenprisen både som årets angrepsspelar og trenar.

Del dette:

Relaterte lenker