Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Gulen: Gulakvila

Dagsturhytta i Gulen heiter Gulakvila og ligger på Løypingåsen. Dette er ein lett tur som passar for alle, både born og eldre. Ligg nærme knutepunkt for mange turstiar vidare opp i høgare fjell. 

Parkering og tilkomst

Turen startar frå parkeringsplassen ved kommunehuset i Eivindvik, Eivindvikvegen 1119. 

Stien til hytta

Frå kommunehuset går du i godt merka tur terreng mot Vassverket. Derfrå går du vidare mot merka mål Løypingåsen. Det er moderat stigning, gode og tydelege turstiar som er godt vedlikehaldne og godt merka. Når du kjem til Gulakvila ser du inn mot Gulafjorden og utover i øyane som ligg mot havet. Du har godt oversyn over Eivindvik sentrum og byggjefeltet.

Det er ikkje tilrettelagt for barnevogn eller rullestol.

Avstandar

Hytta ligg på 149 meter. Frå kommunehuset til Gulakvila tek turen ca. 30-45 minutt for ein vaksen. Vanleg turtempo.

Kontaktinformasjon

Følg med på Facebook-sida til Gulakvila. 

Vivian Våge, Gulen kommune. 

E-post: vivian.vage@gulen.kommune.no

Kart

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut