Godt i gang

Høyanger kommune og Høyanger vidaregåande skule er no godt inne i samarbeidsprosjektet Høyangerskulen 1-13. Målet for prosjektet er å lage ein modell for eit utvida samarbeid mellom skulane.

Alle dei tre 10. klassane på Høyanger skule skal ha undervisninga si på Høyanger VGS dette skuleåret, om lag fire veker kvar. Klasse 10a har no vore på den vidaregåande skulen i snart tre veker. Tilbakemeldingane er at både dei og lærarane trivst godt. Til høgre ser de bilete frå klasserommet deira og frå kantina.

Lærarane i fellesfaga og valfag samarbeider i fagnettverk. Framover vil det bli lagt til rette for at lærarane kan undervise enda meir på tvers av skuleslag.

Viktig rådgjeving

Rådgjeving er viktig for sikre at elevane tek dei rette vala, og slik klare å gjennomføre vidaregåande opplæring. Rådgjevarane ved alle skulane i kommunen har faste treffpunkt for å samarbeide om utfordringar knytt til karriererettleiing, gode overgangar og faget utdanningsval.

Felles møtedagar

Også leiargruppene har mykje å lære av kvarandre. Skuleleiarane har saman med skuleeigarane eit ansvar for kvaliteten i læringsarbeidet på skulen. Faste møtepunkt skapar rom for deling og felles planlegging. I år har vi hatt felles planleggingsdagar og fleire felles møtedagar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00