seks raude moreller henger på ei stang

Pixabay.com

Godt driv for frukt- og bærproduksjon i fylket

Sogn og Fjordane er det største bringebærfylket i Noreg, og halvparten av morellane i landet blir produserte i fylket vårt. Det er likevel ei målsetting å auke produksjonen og verdiskapinga i næringa.

– Ambisiøse mål, flinke folk og godt samarbeid er oppskrifta, slår fylkesordførar Jenny Følling fast.

Eitt tiltak for vidare vekst er eit mobiliseringsprosjekt som Sogn og Fjordane Landsbruksselskap og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeider om. Målet er å kartleggje eigna areal som ikkje er i drift, og gjere arealet tilgjengeleg gjennom leigeavtalar med dei som vil dyrke frukt og bær. Prosjektet blei sparka i gang under landsbruksmessa AgroNordVest i Loen sist helg.

Skal sikre framtida til næringa

Prosjektet tek også sikte på å imøtekome utfordringane med underdekning av frukt- og bær i den norske marknaden, og syte for at Sogn og Fjordane framleis er det leiande frukt- og bærmiljøet i landet.

Mobiliseringstiltaket skal vere med å bidra til ein årleg vekst på 10 prosent i frukt- og bærproduksjonen i fylket. Prosjektet vil òg ha positive ringverknader som å sikra mattryggleik og senke smittepress frå ustelte hagar. Prosjektet vil ha eit nært samarbeid med landbrukskontora i dei aktuelle kommunane.

– Levande landbruk er livsnerva

Det vert omset for 142 millionar i 2017. Landbruk er eit satsingsområde i verdiskapingsplanen vår, og etterspurnaden etter økologisk frukt og grønt aukar. Det er viktig at vi er med på denne utviklinga og held på plassen som det leiande frukt- og bærmiljøet i landet.

– Eit levande landbruk er livsnerva i det flotte fylket vårt, og ei hjartesak for meg som politikar, seier fylkesordføraren.

Ho understreka vidare på AgroNorVest at vi treng ein landbrukspolitikk som gjev levedyktige bruk på Vestlandet og er retta inn mot små- og mellomstore bruk, som vi har i Sogn og Fjordane.

Mobiliseringsprosjekt for frukt og bær fekk 900 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Frå venstre: Jenny Følling (Fylkesordførar), Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Landbrukselskap), Ragnhild Helgheim (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Sigurd Molvik (prosjektleiar).

Mobiliseringsprosjekt for frukt og bær fekk 900 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Frå venstre: Jenny Følling (Fylkesordførar), Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Landbrukselskap), Ragnhild Helgheim (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Sigurd Molvik (prosjektleiar). Foto: Sogn og Fjordane bondelag/Marita Skeie.

 

For meir informasjon
Ingeborg Lysne Mcevoy
rådgjevar
ingeborg.lysne@sfj.no
906 34 837  

Arne Monrad Johnsen
seniorrådgjevar
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Del dette:

Relaterte lenker