Fylkesordførar Jenny Følling blir intervjua i fylkestingssalen
Fylkesordførar Jenny Følling blir intervjua i fylkestingssalen

Fylkesordførar Jenny Følling leia fylkestinget då dei sa einstemmig ja til sal av aksjar i Fjord 1 AS til Havilafjord AS.

Godkjente sal av aksjar i Fjord1 AS

Fylkestinget røysta einstemmig for å godkjenne sal av aksjane i Fjord1 AS til Havilafjord AS.  Avtalane inneber at fylkeskommunen i haust sel seg ned frå ein majoritetspost til ein eigardel på 33 prosent.

- Vedtaket er ein god kombinasjon av sal, framhald av eigarskapen og eventuell seinare utgang. Avtalen vil gje heilt naudsynte økonomiske musklar for fylkeskommunen til mellom anna å drive tenesteproduksjon framover til det beste for innbyggjarane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Avtalane med Havilafjord AS har kome til etter sonderingar og etter kvart forhandlingar mellom partane i perioden 5.- 17. august, med nokre endringar etter handsaming i fylkesutvalet 24. august.

Avtale om sal av Fjord1-aksjar

I vedtaket ligg det at F1 Holding AS, fylkeskommunen sitt eigarselskap, sel aksjane i Fjord1 AS til Havilafjord AS. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at F1 Holding AS fyrst sel 26 % av aksjane no. Havilafjord AS har så ein rett til å kjøpe resterande 33 % mellom 1. januar 2017 og 31. mars 2019, medan F1 Holding AS har rett til å selje resterande 33 % til Havilafjord AS mellom 1. januar 2019 og 28. februar 2019.

Kjøpssummen frå Havila-konsernet er på 1,065 mrd. kr.

- Dette har vore ein lang og krevjande prosess for alle i den kanskje største saka som er handsama i fylkeskommunen i vår tid. Det at vi no har lukkast å komme fram til ein avtale er eit resultat av godt samarbeid og ikkje minst evne og vilje til å løyse saka, og ein prosess som har heva verdien av selskapet, seier Jenny Følling.

I saksutgreiinga heiter det at ein aktiv, offentleg eigarskap i eit privat selskap som Fjord1 blir meir og meir krevjande for fylkeskommunen etter kvart som konkurransen i bransjen aukar og statlege krav vert skjerpa. Rollekonflikten mellom fylkeskommunen som majoritetseigar og kjøpar av tenester er heller ikkje enkel. Dessutan vert delar av verdiane av aksjeposten realisert alt no.

- Eg vil takke alle som har bidrege til at vi no fekk ei god løysing på saka som sikrar ei god økonomisk avtale, hovudkontor i Florø og regional forankring. Spesielt vil eg takke fylkesutvalet, styreleiar i Fjord1 AS Pål W. Lorentzen og dagleg leiar i Havilafjord AS Per Sævik for at vi no kan setje eit verdig punktum, avslutta fylkesordføraren.

Saksframlegg: 16/6279-1 Sal av Fjord1-aksjar

Tillegg til saksframlegget

1. Motekne dokument frå Havila-sida
Fylkesrådmannen gjer merksam på at Sogn og Fjordane fylkeskommune frå Havila Holding AS/Havilafjord AS no har motteke signert sjølvskyldnarkausjon samt styreprotokollar for godkjenning av aksjekjøpet (25.08.16).

2. I forståing med FU gjer fylkesrådmannen FT merksam på følgjande endringar i saksframstillinga mi (som ikkje endrar realinnhaldet):

Under «Havila Holding AS – finansiell analyse» (s 4) er pkt. 4 i endeleg KWC-rapport endra til:

Dersom Havila Holding investerer betydelige midler i datterselskaper med stort kapitalbehov (primært Havila Shipping ASA og Havyard ASA), vil det kunne redusere kredittverdigheten til Havila Holding betydelig. Ledelsen i Havila Holding har signalisert at de ikke vil tilføre døtrene betydelige midler, men disse uttalelsene representer ikke en juridisk bindende forpliktelse for selskapet. Den finansielle risikoen i Havila Shipping ASA er betydelig. Imidlertid har bankene pant i Havila Holdings aksjer i Fjord 1. Dette avdemper risikoen for at selskapet vil kunne foreta større nye investeringer da lånekapasiteten allerede fullt ut er benyttet.b

Under overskrifta «Konkurranserett» (siste sida) skal understreka setning ut.

Det er i aksjekjøpsavtalen ein kryssreferanse til datoen 30.11.16. Understreka setning er altså feil. 

3. Aksjonæravtalen sitt pkt. 5 om «Forretningsadresse mv» skal ha slik ordlyd:
«Partene er enige om at Selskapet skal ha forretningsadresse i Flora kommune. Partene er enige om at Selskapets konsernledelse med hovedkontor skal videreføres uten endringer med mindre dette må skje som følge av oppsigelser eller andre grunner som medfører at arbeidsforholdet opphører.»

Det (her) understreka tillegget («med hovedkontor») vart avtalt i FU 24.08 med Havila/Per Sævik/Wikborg Rein. Det er i etterkant følgt opp i nytt avtaledokument.

 

Tidlegare saker

Samrøystes for sal

Avtale om sal av Fjord1-aksjar

Dokument i Fjord1-saka

Forbyr kjøp av Fjord1

Fjord1: felles uttale

Fjord1 – vedtak lovleg

Drøfta Fjord1

Vedtok Fjord1-sal

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713