Gode innkjøp i eit miljøperspektiv

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NHO og KS til konferansen "Det gode innkjøp" på Skei hotel 4. mai 2010. Påmeldingsfristen er 26. april.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er utpeika som Knutepunkt for å iverksetje regjeringa sin handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp, der målet er få eit forbruk og ein produksjon som er mest mogleg berekraftig. Det er oppretta ei styringsgruppe som skal arbeide med dette. Deltakarane i styringsgruppa er KS, NHO, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Som ein del av prosjektet vert det arrangert ein konferanse om "det gode innkjøp" der det vert sett nærare på nokre aktuelle problemstillingar. Konferansen er open for politikarar, leiarar i offentleg sektor, offentlege innkjøparar og leverandørar.

Påmeldingsfrist er 26. april via Fylkesmannen si heimeside

Program for konferansen

Del dette:

Relaterte lenker