Gode eksamensresultat i Sogn og Fjordane

Fylket kjem godt ut etter at utdanningsdirektoratet har lagt fram førebelse eksamensresultat frå vidaregåande skule våren 2014. Vi er beste fylke i åtte fag, syner den fylkesvise statistikken.

I 18 fag er karaktersnittet i Sogn og Fjordane over det nasjonale snittet. Statistikken er bygd på førebelse eksamensresultat frå sentralgjeven skriftleg eksamen, med over 1000 elevar og i alt 32 ulike fag. Ved desse eksamenane får alle elevane i landet dei same oppgåvene.

På topp i norskfaga

Assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo, er nøgd med resultata.

- Dei gode eksamenskarakterane speglar at vi har dyktige lærarar som saman med elevane oppnår gode resultat. Det blir arbeidd godt på dei vidaregåande skulane, seier ein nøgd assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

På lik line med tidlegare år er det særleg i norskfaga at Sogn og Fjordane peikar seg ut som beste fylke. Ein toppar både i sidemål og hovudmål for studiespesialisering, og påbygging til generell studiekompetanse. Resultata er òg gode i matematikk og kjemi.

- Fylkestinget har vedteke at vi skal ha den beste opplæringa i landet. Resultata viser at dette er ei målsetting som er mogleg å nå – vi har noko å strekke oss etter, seier Skinlo.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. fylkesdirektør for opplæring
Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no
958 39 029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00